HjemNyheterPressemelding frå Austrheim kommune

Pressemelding frå Austrheim kommune

Pressemelding frå Austrheim kommune, 8. august 2023, sendt til Bergens Tidende og Strilen, med kopi til Nordhordland avis og Bergensavisen:
Publisert: 10.08.2023
Sist endra: 10.08.2023

Bergens Tidende (BT) hadde 3. august ei sak med tittel «Her blei tonnevis av miljøskadeleg avfall dumpa», der det blir hevda at tonnevis av miljøskadeleg avfall er dumpa på Kaland i Austrheim. Avisa Strilen følgde opp saka i ein artikkel 5. august, med tittel «Tonnevis av miljøskadeleg avfall vart dumpa på Kaland – finn ikkje løyvet».

Innhaldet i begge artiklane inneheld grove feil og skuldingar som Austrheim kommune finn det naudsynt å kommentera. Journalist Marius Åmbakk Bjørkedal i BT har ved fleire høve, mellom anna i møte med og e-postar frå Austrheim kommune, blitt gjort merksam på desse feila. BT har likevel publisert artikkelen utan å korrigera denne i tråd med dei nye opplysningane journalisten har fått i saka.

BT hadde på førehand bede Austrheim kommune om å få sjå løyvet til å etablera eit deponi i Leirvågen, men noko slik løyve eksisterer ikkje. I artikkelen i BT står det at miljøskadelege massar vart leverte til næringsområdet i Leirvågskrysset, men dette er ikkje riktig.

Det Austrheim kommune den 22.02.2007 hadde gitt løyve til, var bakkeplanering med reine massar av eit landbruksområde på 40 dekar på naboeigedommen til næringsområdet. Søkjar var eigaren av denne naboeigedommen, ikkje eigaren av næringsområdet. Når kommunen blei gjort kjent med kvar massane BT var opptekne av var plasserte, vart journalisten gjort merksam på dette, og at det eksisterte eit løyve til bakkeplanering i området, med reine massar. Journalisten blei også gjort merksam på kva firma det var som hadde produsert massane, og fekk namnet på den miljøansvarlege i firmaet på det tidspunktet massane blei køyrt ut.

Journalisten blei også gjort merksam på at firmaet som stod for behandlinga av boreavfallet frå oljenæringa, var etablert i dåverande Lindås kommune og ikkje i Austrheim. Det naturlege ville då vera å sjekka ut kva driftsløyve Lindås kommune hadde gitt bedrifta og kva krav dei eller andre offentlege myndigheiter stilte for handteringa av sluttprodukta frå reinseprosessen. Slik me vurderer saka, kan ikkje journalisten ha kvalitetssikra saka opp mot Alver kommune (tidlegare Lindås, Meland og Radøy).

I Norge er det klare nasjonale føringar og krav for handsaming av denne typen avfall. Oljenæringa stiller svært strenge krav til sine underleverandørar, og sjekkar grundig kva løyve slike firma har før dei inngår kontraktar. Oljenæringa er også svært nøye med å følgja opp at underleverandørane følgjer krav og retningslinjer som er gitt i kontraktane. Dette gjeld ikkje minst driftsløyve, utsleppskrav og krav til endeleg lagring eller deponering av til dømes sluttprodukt etter reinseprosessar. Når det gjeld massane frå Soilcare, så vert det hevda at reine massar i perioden 2006 til 2011 vart leverte til landbrukseigedommen i Leirvågen, i tråd med løyvet gitt av Austrheim kommune, mens forureina massar enten vart leverte til NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen eller til BIR sitt anlegg i Rådalen. Dokumentasjon for dette må ein henta frå firmaet som stod for reinseprosessen, eller frå oljeselskapa som har levert avfall til firmaet. Me ser ikkje at journalisten har gjort forsøk på å henta inn slik dokumentasjon.

I BT-artikkelen heiter det at Bioforsk på oppdrag frå TWMA Norge AS, som då hadde kjøpt opp Soilcare, gjennomførte ei undersøking av utsiget frå dei lagra massane på landbrukseigedommen i Leirvågen. Dei konkluderte den gangen med at det i området var noko høgare verdiar enn det som var naturleg av mellom anna barium og klorid, men journalisten unnlèt å ta med at dei målte verdiane er under grenseverdiane for skadelege utslepp.

Journalisten hevdar også at Austrheim kommune har gitt løyve til å fjerna lagra massar frå Leirvågskrysset og nytta desse til bakkeplanering i Nordmarka i Austrheim. Dette er heilt feil. Austrheim kommune har den 6. mars 2023 gitt løyve til bakkeplanering i Nordmarka, med reine massar frå Mongstad sør. Her har felles landbrukskontor vore i dialog med grunneigaren på Mongstad sør, og stilt krav om at det blir teke prøvar av jordmassane som vert køyrde ut. Deler av massane blir nytta i Nordmarka, og deler av massane vert nytta til å avslutta bakkeplaneringa i Leirvågen i tråd med løyvet gitt i 2007. Det er derfor det er gravemaskiner i dette området no, ikkje for å kjøra vekk massar som er planerte ut tidlegare, men for å leggja ut nye, reine jordmassar i tråd med løyvet. Med den bakkeplaneringa som no går føre seg i Leirvågen og i Nordmarka, vil Austrheim kommune over tid få auka sitt produktive landbruksareal, og det er noko me set stor pris på.

Austrheim kommune finn artiklane i BT og Strilen så misvisande at me ber om at avisene korrigerer desse, eller publiserer denne pressemeldinga.

Med helsing

Per Lerøy, ordførar

Trine M. Jansen, fungerande kommunedirektør