HjemNyheterPanteflasker gav 106.000 til Barnekreftforeininga

Panteflasker gav 106.000 til Barnekreftforeininga

Emil Ekornrød Sætre og Trine Nicolaysen

MED HJARTE: Emil Ekornrød Sætre og Trine Nicolaysen, som er dagleg leiar i Barnekreftforeininga. Trine med eit av hjarta som Emil har laga.

 

Elleveåringen er sjølv råka av kreft, men lar ikkje det stoppa arbeidet med å samla inn pengar til Barnekreftforeininga. Midlane skal brukast til nye forskingsprosjekt som kjem barn og unge med kreft i Norge til gode.

– Ein gløymer litt kva ein sjølv står i, når ein jobbar med innsamlinga, seier Mette Ekornrød, som er mor til Emil.

Dei to var saman på plass under Barnekreftdagen 15. februar, på Litteraturhuset i Oslo. Emil vart sett særleg pris på, og vart intervjua av Trine Nicolaysen, som er dagleg leiar i Barnekreftforeininga.

Fekk med seg fleire

Panteaksjonen til Emil er ein del av Team Rynkeby sitt arbeid på Vestlandet. Du har kanskje sett noko om Team Rynkeby på TV eller i avisene, om gjengen som gjennom sponsorar skaffar pengar til Barnekreftforeininga. Eit eige lag syklar til Paris i juli kvart år, for visa fram sponsorane og skapa blest om aksjonen. Det har ikkje Emil gjort, men han har gjort noko mykje tøffare, nemleg å halda oppe innsamlinga medan han sjølv var sjuk.

– Også under kreftbehandlinga så samla me inn panteflasker til aksjonen, fortalde Emil og mamma Mette under markeringa av Barnekreftdagen.

I Austrheim har Emil fått med seg mange støttespelarar. Som tiåring troppa han like før jul i 2020 opp på kommunehuset og sikra seg støtte frå ordførar Per Lerøy, og mange bedrifter ville også vera med på laget. Aksjonen hans var meint for ei kortare tid i utgangspunktet, men med den flotte responsen samlar han framleis inn panteflasker.

Mange måtar å støtta

Vil ein vera med på å støtta aksjonen er det mogleg å levera panteflasker i ein eigen dunk som står ved brannstasjonen i Mastrevik. Du kan også panta flaskene sjølv, og levera pantelappen inn på servicekontoret på kommunehuset, så vil Emil henta den der.

Ein tredje måte er å panta flaskene sjølv og løysa inn pantelappen i butikken, og deretter vippsa beløpet til Emil, eller direkte til Team Rynkeby. Du sender då støtta anten til  95 96 78 31 (Mette Ekornrød, mor til Emil), eller til Vipps-nr 626367 (direkte til Team Rynkeby-aksjonen). For begge måtar skriv du «Emil/Austrheim» i merknadsfeltet.

Gjev tilbake

Det var Team Rynkeby si eldsjel og deltakar på Haugalandet, Henning Aarekol, som fekk ideen til å dra i gang flaskepanting landet rundt.

– Ein flaske frå kvar nordmann, det vert elleve millionar kroner, seier Mette Ekornrød.

Under markeringa i Oslo sende Emil ei helsing til Henning Aarekol, i tillegg til klasse 6A og 6B ved Årås skule, og til ordførar Per Lerøy. Emil hadde også laga raude hjarter som gåve til alle dei som under barnekreftdagen gav midlar til kreftforskinga.

– Slike perla raude hjarter er Emil si gåve til dei til dei som gjev til barnekreftforeininga. Hjarta kjem også til å henga på sykkeldraktene til dei som skal sykla til Paris i sommar.

52.000 flasker

Så langt har Emil sin aksjon gitt pantepengar frå kring 52.000 flasker. Det som kanskje er småpengar for den enkelte, vert eit betydeleg beløp når berre mange nok er med.

– Det er kanskje 35 kroner i pant frå deg, men det vert mykje til saman, seier Mette Ekornrød.

Les om støtta frå ordførar Per Lerøy her: Emil Ekornrød Sætre har fått kommunen med seg på panteaksjon for barnekreftforeininga.


Sist oppdatert: 17.02.2022
Publisert: 17.02.2022