HjemNyheterPant flasker for Emil og barnekreftforeininga!

Pant flasker for Emil og barnekreftforeininga!

I midten av desember fekk eg ein telefon frå servicekontoret. «Kan du koma ned, det er ein her som vil snakka med deg». Eg var eigentleg midt i eit teams-møte, men tok meg likevel tid til å ta turen ned i servicen for å finna ut kven det var som ville ha tak i meg.

Og der møtte eg Emil Ekornrød Sætre. Han ville berre levera meg eit brev. Eg opna brevet og vart svært rørt av det som stod der. Der stod det blant anna at Emil, som er 10 år gamal, har kreft og får cellegiftbehandling kvar onsdag på Marie Joys Hus på Haukeland Universitetssjukehus. Ei behandling han skal få fram til april i 2021.

Spørsmålet han hadde til meg, var om eg ville samarbeida med han. Henning Aarekol og Team Rynkeby samlar inn og pantar flasker til inntekt for barnekreftforeininga, og det ønskjer også Emil å vera med på. Og han vil ha meg med på laget😊

Ja, han inviterer også dei tilsette på kommunehuset og alle andre i Austrheim kommune med på prosjektet.

Eg svarte sjølvsagt ja på ståande flekken! Dette er noko eg verkeleg vil vera med på og eg håpar at mange andre også vil hjelpa Emil med innsamlingsaksjonen, som går fram til 31. juli 2021.

Dette kan gjerast på tre måtar:
- De kan gje beskjed til Emil om at de har flasker som skal pantast, så vil han henta og panta dei.
- De kan panta flaskene sjølv, levera pantelappen inn på servicekontoret på kommunehuset, så vil Emil henta desse der.
- Ein tredje måte er å panta flaskene sjølv og løysa inn pantelappen i butikken, og deretter Vippsa beløpet til Emil, eller direkte til Team Rynkeby, då gjerne med «Emil/Austrheim» i merknadsfeltet.

Nummer de kan nytta for å vippsa er:
95 96 78 31
(Mette Ekornrød, mor til Emil)
Vipps-nr 626367 (direkte til Team Rynkeby-aksjonen, merk med «Emil/Austrheim»)

På slutten av brevet skriv Emil: «Vil du, kommunehuset og kanskje resten av Austrheim kommune vera med å samarbeida om dette?» «Det hadde vore kult!»

Og litt lengre nede i brevet: «Om du/de vil vera med å gjera ein liten forskjell for små heltar med kreft kan du gje oss ein lyd!»

Ja, Emil, eg stiller meir enn gjerne opp for deg og dette flotte prosjektet ditt, og eg håpar og trur at me vil få med oss mange gode austrheimingar på innsamlingsaksjonen!                      

Lukke til og God Jul og Godt Nytt År 😊

Beste helsing
Per Lerøy
ordførar

Emil Ekornrød Sætre og Per Lerøy

Emil Ekornrød Sætre og Per Lerøy.

Her er ein PDF du kan skriva ut og henga som oppslag om aksjonen: Panteaksjonen


Sist oppdatert: 17.02.2022
Publisert: 23.12.2020