HjemNyheterPågåande smitteutbrot i Austrheim, viktig med grunnleggande smittevern

Pågåande smitteutbrot i Austrheim, viktig med grunnleggande smittevern

Korona-pandemien er ikkje over, og dei siste dagane er det både unge og vaksne Austrheim-innbyggjarar som har testa positivt for Korona.
Dei som er smitta har relativt milde symptom, og det vert i denne omgang ikkje innført nye tiltak i kommunen.

Men det er viktig at alle er med og heldt oppe det grunnleggande smittevernet, slik at ein avgrensar smitten. Dette handlar som tidlegare om å:

  • Ha reine hender, handvask eller handsprit.
  • Om du må hosta, host inn i olbogen din for å unngå spreiing av dropar.
  • Har du symptom, må du isolera deg til du får avklara smitten ved ein test.
  • Har du tenkt å ta vaksinen, men ikkje nytta sjansen enno, er det framleis mogleg å få denne.
  • Har du vaksinetime, møt opp til denne.

Kommunen deler ut gratis PCR-testar slik at du kan få testa deg sjølv. Desse kan hentast på baksida av kommunehuset, der legekontoret har eigen inngang innerst under taket.

Ta kontakt på telefon 56168200 i forkant av henting av testar. Ikkje bruk den vanlege inngangen inn til pasientmottaket, legekontoret ønskjer ikkje å ha mogleg Korona-smitta inn mellom andre pasientar.

Elles er det viktig å hugsa at ein kan bli smitta trass vaksine, og føra smitten vidare til andre som kanskje er uvaksinerte og kan få alvorlegare sjukdomsforløp enn det vaksinerte brukar å få.

Austrheim kommune har no vaksinert 85 prosent av innbyggjarane med to dosar, og 90 prosent med ein dose.

For vaksineringar framover, følg med på kommunen si heimeside for kven som er prioriterte og når ein kan få desse.


Sist oppdatert: 28.10.2021
Publisert: 28.10.2021