HjemNyheterMorten Sognnes ny ordførar i Austrheim

Morten Sognnes ny ordførar i Austrheim

Morten Sognnes frå Høgre tar i haust over som ordførar for Austrheim kommune.
Publisert: 19.09.2023
Sist endra: 26.09.2023

Her er Sognnes fotografert saman med dagens ordførar, Per Lerøy frå Arbeidarpartiet. Sognnes (Høgre) til venstre og Lerøy (Ap) til høgre.

Morten Sognnes og Per Lerøy (fotografering)

Etter avtalen mellom dei to største partia etter kommunevalet skal Arbeidarpartiet ha varaordførarplassen og leiaren i det nye Levekårsutvalet, som skal innførast frå den kommande valperioden. Kven som vert varaordførar er ikkje klargjort enno.

Her er dei faste medlemmene i kommunestyret i den kommande fireårsperioden, med konstituerande møte torsdag 26. oktober:

  • Arbeiderpartiet, 6 mandat
  1. Per Lerøy
  2. Ann Kristin Leirvåg
  3. Terje Håland
  4. Monika Thorpe
  5. Reidar Ulvøy
  6. Anette Kaland
  • Høgre, 5 mandat
  1. Morten Håkon Sognnes
  2. Hege Ramsland
  3. Aslak André Bakke
  4. Kristoffer Myklebusthaug
  5. Oskar Nordgard
  • Senterpartiet, 3 mandat
  1. Bjørn Inge Håland Dyrkolbotn
  2. Reidar Øksnes
  3. Gro Kaland
  • Samlingslista i Austrheim, 2 mandat
  1. Renee Hansen Semmingsen
  2. Ingeborg Lohne Hordvik
  • Industri- og Næringspartiet, 1 mandat
  1. Frank Erik Øksnes
  • SV - Sosialistisk Venstreparti, 0 mandat