HeimNyheterOppstart - Temaplan for klima og energi for Austrheim kommune

Oppstart - Temaplan for klima og energi for Austrheim kommune

Temaplanen skal vera eit verkty for at Austrheim kommune skal nå internasjonale, nasjonale, regionale og lokale klimamål.

Planen omfattar både direkte og indirekte klimagassutslepp, og set mål for kommunen som organisasjon og samfunn, den skal vise retningen for klimaarbeidet vårt. Formannskapet vert styringsgruppe for dette planarbeidet.

Innspel til Temaplan for klima og energi for Austrheim kommune kan sendast innan 18. mai 2021 på e-post til post@austrheim.kommune.no eller til:

Austrheim kommune
Sætremarka 2
5943 Austrheim

Rådmannen


Sist oppdatert: 06.04.2021
Publisert: 06.04.2021