HjemNyheterOppfriskingsdose for Korona-vaksine

Oppfriskingsdose for Korona-vaksine

Rådet frå Folkehelseinstituttet (FHI) er at denne oppfriskingsdosen med vaksine vert tatt av dei som er 75 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim.

Ein ny dose vaksine er særleg aktuell for dei som ikkje har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon tidlegare, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.

Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan sist dose.

Sjølva vaksineringa vil bli gjennomført mot slutten av april, når kommunen får tildelt nye vaksinedosar.

 

Vaksineringa er gratis, og frivillig.


Sist oppdatert: 22.03.2023
Publisert: 22.03.2023