HjemNyheterOpnar meir i hallen, og skjenkestoppen oppheva

Opnar meir i hallen, og skjenkestoppen oppheva

Kommunal kriseleiing i Austrheim har hatt møte onsdag 20. januar. Der er det bestemt at idrettshallen skal opnast også på kveldstid, for bruk av Austrheim idrettslag. For å få ein plan på kor mykje ekstra reinhald som er nødvendig for å få dette til, vil kommunen ta kontakt med idrettslaget for å få klargjort kva dagar hallen skal brukast på kveldstid. Det blir så sett opp ein plan ut frå dette.

Hallen vert ikkje opna for dei frå 20 år og oppover.

I tillegg er det komme ei endring nasjonalt, etter at det denne veka var eit fleirtal på Stortinget som vedtok å oppheva den nasjonale skjenkestoppen. Skulle det vore skjenkestopp i Austrheim vidare, måtte det vore på grunnlag av den lokale situasjonen, og det finn ikkje KKL grunnlag for. Grensene vert dermed like her som i andre kommunar: 

- Austrheim er ein kommune med lite smittepress, og etter den siste endringa i dei nasjonale tiltaka vert skjenkestoppen oppheva i vår kommune.

Det kan skjenkast fram til midnatt, men ein kan ikkje sleppa inn nye gjester etter klokka 22.00. Alkoholservering kan berre skje i samanheng med matservering.

Endringa gjeld frå midnatt natt til fredag 22. januar.


Sist oppdatert: 20.01.2021
Publisert: 20.01.2021