Onsdag 14. juni er det test av nytt mobil-varsel
Tidlegare har naudvarsel som "Viktig melding - søk informasjon" blitt varsla med tyfonar plasserte rundt i landet. Men det er mange som ikkje kan høyra tyfonane, og dei siste åra har det blitt jobba med ei nasjonal varslingsordning som sender melding til alle mobiltelefonar.
Onsdag 14. juni klokka 12.00 skal dette testast, og det blir sendt varsel både med Sivilforsvarets tyfonar og til mobiltelefonar.
Er telefonen din oppdatert?
Det er politiet som sender ut test av naudvarsel til mobiltelefonar. I praksis vil dette fungera slik at telefonen din vil gje frå seg eit høgt lydsignal, og vibrera, i tillegg til at det står ein tekst på skjermen.
Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefoner og einingar som er i Norge, og som er kopla på 4G- eller 5G-nettet. Både for naudvarsel og for den generelle datatryggleiken på telefonen din er det viktig at telefonen din er oppdatert til den nyaste programvaren fra operatøren din. For dei som har ein eldre telefon, kan det vera at naudvarselet ikkje kjem opp på telefonen.
Korleis kan du unngå varselet?
Om du ikkje ønskjer å få dette varselet rundt klokka 12.00 på onsdag 14. juni, må du setta telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før klokka 12.00, og ikkje slå den på igjen før noko etter 12.00.
Å bruka innstillingar som lydlaus, dempa eller låg lyd vil ikkje stoppa naudvarselet, då det vil overstyra slike innstillingar.
Elles er det greit å tenka på at det vil dura i mange telefonar denne dagen, også på skular. Snakk med borna dine om naudvarselet, slik at ikkje nokon blir unødig uroa når varselet kjem.
Snakk gjerne også med flyktningar og andre som kan blir urolege av ein slik alarm.
Les meir på nettsida til Nødvarsel, klikk her for å gå dit (eksten lenke).