HjemNyheterNye nasjonale Korona-tiltak frå 25. mars

Nye nasjonale Korona-tiltak frå 25. mars

Som bakgrunn vert det vist til at den britiske virusvarianten no er meir utbreidd, ein variant som er både meir smittsam og gjev sjukdom hjå yngre personar enn andre virusvariantar.

Reglane vert innført frå midnatt natt til torsdag 25. mars. Dei skal vurderast på nytt før 12. april.

Dette er nokre av hovudpunkta i dei nye reglane:

  • Tilrådd 2 meters avstand i situasjonar der det tidlegare var råd om å halda 1 meters avstand til andre personar. Munnbind er tilrådd brukt alle stader der ein ikkje kan halda to meters avstand. (Dette er avstand til personar som er utanfor din kohort, altså på bensinstasjon, butikk med meir) 
  • Berre handla på varehus/kjøpesenter i den kommunen du bur i.
  • Maksimalt to gjester på besøk.
  • Skjenkestopp over heile landet.
  • Treningssenter skal vera ope kun for dei som bur i kommunen, og for rehabiliteringstrening.
  • Heimekontor for alle der dette er praktisk mogleg.
  • Ha så få nærkontaktar som mogleg.

Kommunane står framleis fritt til å innføra forskrift med reglar som er strengare enn dei nasjonale. For Austrheim kommune gjeld per i dag dei nasjonale reglane. Kommunane kan ikkje gje unntak frå nasjonale reglar.

Her er lenka til Regjeringen.no, med oversikt over nasjonale reglar som gjeld frå 25. mars (klikk her).


Sist oppdatert: 23.03.2021
Publisert: 23.03.2021