HjemNyheterNo kjem det asfalt!

No kjem det asfalt!

Asfaltering Årås skule 2019

Austrheim kommune har bestilt asfaltering av i alt 2,6 kilometer med kommunal veg, og Askøy Dekkelegging er i gang med å utføra arbeidet. 

 

Rolf Henning Myrmel, leiar teknisk drift, fortel at asfalteringa fordeler seg slik: 

- Deler av Åråsfeltet ca 770 meter, Årås skule ca 350 meter, veg til Hopland ca 170 meter, Heiane ca 70 meter, Solesjøen ca 230 meter, Vikane ca 450 meter, Kalandsjøen ca 460 meter og ved Kaland skule ca 160 meter. 

I alt går det med kring 1,7 millionar til dette arbeidet, det er asfaltbudsjettet for både 2018 og 2019. Det stod att unytta midlar frå 2018 som vert nytta i år. Summen inkluderer nødvendig forarbeid med dreneringog kummer.

I alt er det kring 50 kilometer med kommuneveg i Austrheim.

Også på fylkesvegane skal det asfalterast ein del no i 2019, Statens vegvesen skriv at det skal leggast nytt dekke på fylkesveg 565 frå Årås til Kanserdalen. På kartet deira er det skissert ny asfalt noko lengre, mot krysset til Toftegård.
Sjå asfaltkartet til Statens Vegvesen her.

Asfaltering Årås skule 2019

 

 


Sist oppdatert: 24.05.2019
Publisert: 24.05.2019