HjemNyheterNo kan du plaska igjen!

No kan du plaska igjen!

Fredag 4. juni vart det innført vatningsforbod i Austrheim, etter at vassforbruket var urovekkande høgt over lengre tid. 

Per torsdag 10. juni vert vatningsforbodet oppheva, så no kan du igjen vatna plenen eller spyla bilen. Det er jo kanskje ikkje så freistande å vatna plenen når det uansett regnar litt, men du har jo i alle fall lov.

Ei forklaring på at vassforbruket gjekk ned, kan jo vera at alle var veldig lovlydige og stengde alle kranar straks dei fekk tekstmelding frå kommunen.

Men det kan jo også vera at nokon fann ein lekkasje på tilkoplingsleidningen sin, og ordna dette. Det er fint om ein melder frå til kommunen dersom det vert oppdaga lekkasjar, altså også på private leidningar.

 

Kommune-tekstmelding
med innhald så strengt:
- Stopp med all vasking, 
før vatnet vert stengt!

Storforbruket stoppa
det gjekk knapt ein tår:
- Kanskje du droppa
både husvask og hår?

Eller nokon har stoppa
ein lekkasje så stor:
- Vassforbruket droppa
men heilt utan spor!

Så no kan du vaska
både bil, hus og mann:
- Me har nok til å sløkka
både tørsten og brann!


Her må me nok seia som i filmen: «Fortsettelse følger».
Diverre.


Sist oppdatert: 10.06.2021
Publisert: 10.06.2021