HjemNyheterNo er kommunalsjefane klare

No er kommunalsjefane klare

Monika Kvamme, Per Lerøy, Liv Løvvik

Austrheim kommune er inne i ei omorganisering på leiarnivå, der fire kommunalsjefar skal ha ansvar for kvar sine område i organisasjonen, og saman med rådmannen utgjer desse leiargruppa i kommunen.

Tidlegare i haust vart Monika Kvamme tilsett som kommunalsjef for helse og omsorg, no er det gjort tilsettingar også i dei tre andre stillingane.

Bjørnar Fjellhaug har fått jobben som kommunalsjef for oppvekst og kultur, Thomas Lindås blir kommunalsjef for forvaltning og service, og Odd Harald Dommersnes er tilsett som økonomi- og personalsjef.

 

Bjørnar Fjellhaug

 

Jobba med skule og kultur

Bjørnar Fjellhaug er tilsett som kommunalsjef for oppvekst og kultur. Han er i dag rektor på Tonstad Skole i Trondheim, ein 1.-10.-skule med spesialavdeling.

- Eg er frå Fjell, og det å komma frå Trondheim til Austrheim vert litt som å komma heim, seier Fjellhaug (40).

Han har tidlegare jobba som lærar og rektor i Øygarden og Fjell, og har også vore skule- og kultursjef i Gaular kommune.

- Eg var i Gaular i tre år, før eg no har vore tre år i Trondheim. Jobben i Austrheim er ei spennande stilling, og så kjem eg nærare heimstaden min, seier Fjellhaug, som ser fram til å møta folka og vera med på ei omlegging av organisasjonen i Austrheim.

Thomas Lindås

 

Kjenner organisasjonen

Thomas Lindås (37) er per i dag tilsett som byggesakshandsamar/jurist i Austrheim kommune. Han har vore sju år i organisasjonen, og tek steget opp til å bli kommunalsjef for service og forvaltning.

Lindås er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen, og har i tillegg ein mastergrad i administrasjon og leiing frå Høgskulen i Innlandet. Dette er kompetanse han meiner kan verta verdifull i den nye stillinga som kommunalsjef.

- Me skal jobba med å vidareføra alt det gode arbeidet me gjer i dag, og skapa ei enno meir heilskapleg og god løysing ut mot innbyggarane, seier Lindås, som bur i nabokommunen med same namn.

Tidlegare har Lindås jobba i Radøy kommune, og han har også arbeidserfaring frå Nav og skuleverket.

Odd Harald Dommersnes

 

Erfaring frå offentleg og privat verksemd

Odd Harald Dommersnes (54) er tilsett som økonomi- og personalsjef. Dommersnes er i dag økonomisjef i Skyss, som er fylkeskommunen sitt selskap for kollektivtrafikken. Tidlegare har Dommersnes mellom anna vore leiar for Tollpost Globe i Bergen (som no heiter PostNord), og han har jobba i Bergens Tidende.

- Når eg såg på CV-en min no, såg eg at eg hadde jobba like lenge i det private som i det offentlege, 15 år begge plassar. Det er ei grei erfaring å ha med seg, seier Dommersnes.

- Det er mange flinke folk i Austrheim, og no ser eg fram til å bli betre kjent med organisasjonen, seier den kommande økonomi- og personalsjefen, og legg til at han har vore inne på nettsida og lese kommunebudsjettet han skal jobba med.

Dommersnes bur på Frekhaug. Rundt i regionen er det nok mange som kjenner Dommersnes for engasjementet i Røde Kors. Med ein med tidleg start i Røde Kors har han alt henta medalje for 40 års teneste i organisasjonen.

Omfordeler stillingar

Det vert ingen nye stillingsheimlar i administrasjonen i samband med den nye organiseringa. Stillinga som assisterande rådmann går ut når dagens assisterande Olav Mongstad pensjonerer seg frå nyttår, og det vert elles nytta stillingsheimlar som er ledige eller blir ledige i 2020.


Sist oppdatert: 04.12.2019
Publisert: 04.12.2019