HjemNyheterNattestengt i Alversund

Nattestengt i Alversund

For dei som har ærend sør i Nordhordland på seine kvelden, eller kanskje til og med i bydn, er det greit å merka seg at det er bruinspeksjon i Alversund natta mellom torsdag 17. og fredag 18. oktober.

Inspeksjonen av Alversundbrua skal skje i tidsrommet mellom 22.00 torsdag kveld og 05.30 fredag morgon. Det vert gjennomkjøring kvar heile time, og elles sjølvsagt for brann og ambulanse under utrykking.

Om det ikkje skulle passa med passering ved heil time, får ein ta turen over Lindås. 


Sist oppdatert: 11.10.2019
Publisert: 11.10.2019