HeimNyheter1. september er fristen for momskompensasjon

1. september er fristen for momskompensasjon

Momskompensasjon illustrasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordela 1,9 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2022. Frivillige lag og organisasjonar kan søka om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremma frivillig aktivitet.

Det er opna for søknader, og søknadsfristen er 1. september.

  • Frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivillighetsregisteret (klikk på lenka for å gå til Brønnøysundregistra) kan søka på ordninga.
  • Frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søka.
  • Alle mottakarar av momskompensasjon må vera registrerte i Frivilligregisteret innan 1. september 2022.
  • Dette gjeld også dei som søkjer via sitt sentralledd.
  • Hugs at registrering kan ta litt tid.
  • Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

Det kan søkast etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100.000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd.

Her finn de meir informasjon om ordninga og søknadsskjema: Momskompensasjon på varer og tjenester - Lottstift (klikk på lenka for å gå til Lotteri- og Stiftelsestilsynet)


Sist oppdatert: 18.07.2022
Publisert: 18.07.2022