HjemNyheterMogleg å få utsett betaling for pasientreiser

Mogleg å få utsett betaling for pasientreiser

Helse Bergen har sidan midten av oktober mangla ein avtale med drosjeselskap om pasientreiser for innbyggjarar i Austrheim kommune. 

Dette betyr at det er den enkelte pasienten som først må legga ut for reisa, og deretter søka om refusjon via Nav. 

For pasientar som reiser ofte har Nordhordland Taxisentral etablert ei eiga ordning med kreditt, slik at det er mogleg å få utbetalinga frå Nav først, og deretter betala rekninga til taxisentralen. 

  • For å få del i ordninga så må du inngå ein kredittavtale med Nordhordland Taxisentral, du når dei på e-post: post@nhtaxi.no 
  • Ordninga er for pasientar som har mykje kjøring til og frå time/behandlingar.
  • Taxisentralen har etablert ordninga for pasientar busette i Alver og Austrheim kommunar.
  • Det er viktig at behandlar har sendt inn rekvisisjon for tur, og at pasienten sender inn refusjonsskjema etter reisa.
  • For dei som har slik avtale ventar Nordhordland Taxisentral ein månads tid før dei sender rekning for turen. Innan dette skal pasienten ha fått refundert summen for reisa frå Helse Bergen, og kan dermed betala rekninga med desse pengane.

Sist oppdatert: 27.11.2020
Publisert: 25.11.2020