HjemNyheterMen er det eigentleg plass til så mange på festen?

Men er det eigentleg plass til så mange på festen?

Her i Austrheim kommune har me så langt vore heldige under Korona-pandemien. Det er over 300 som er testa så langt, men ingen har fått påvist smitte. Trass nokre tilbakefall er samfunnet på veg til å bli meir og meir opna, og ein del arrangement som måtte avlysast i vår vert avvikla no i haust.

Verten er ansvarleg

På nettsida www.helsenorge.no (klikk her) kan du lesa dei statlege råda for korleis ein kan ha ei trygg feiring, samankomst og arrangement. Der står det om avgrensingane for kor mange som kan samlast, men også om kva ein kan gjera for å samla folk og feira på ein trygg måte.

Den som er vert eller arrangør må sørga for at feiringa/arrangementet skjer på ein trygg måte, mellom anna skal det vera mogleg for gjestane å halda ein meters avstand.

Grunnleggande smittevernråd

Som elles i samfunnet i denne pandemien gjeld nokre grunnleggande smittevernråd:

- Bli heime om du kjenner deg sjuk, og ta heller ikkje i mot besøk.

- Hald minst ein meters avstand til dei som ikkje er dine næraste, som er dei du bur saman med eller som er dei som du heldt deg med over tid.

- Ha god handhygiene med hyppig og grundig handvask, eller bruk handsprit.

Det er framleis slik at klemming og handhelsing må venta til betre tider.

Arrangement på offentleg stad

Har du leigd eit offentleg lokale til ei feiring, er det ditt ansvar at smittevernreglane vert etterlevde. Hugs at sjølv om det i utgangspunktet kan vera inntil 200 deltakarar på festen, så er det gjerne avgrensingar ved lokalet som gjer at det reelle talet er langt lågare. Med unntak av dei som er rekna som nære til kvarandre (som eigen husstand), skal det også her vera ein meters avstand.

Reglane for arrangement på offentleg stad er forskriftsfesta, og brot på desse kan gje straffeforfølging.

Alle som er på festen skal vera friske, det skal vera ein ansvarleg arrangør, som skal notera namn og kontaktinformasjon til alle på festen, med tanke på eventuell seinare smittesporing.

Det skal vera lett for gjestane å vaska hendene sine, både når dei kjem på festen og undervegs.

Gjeld også heime

Med arrangement er meint mellom anna private selskap som konfirmasjon, dåp, bryllaup, bursdag og gravferder. I tillegg kjem konsertar, seminar, varemesser, religiøse samlingar og mellombelse marknadsarrangement.

Også om du har slike arrangement heime, på hytta eller i hagen, er det viktig å følgja dei råda som gjeld. Her er det tilrådd å ikkje vera fleire enn 20 personar samla, og ein meter mellom gjestene (med mindre dei er frå same husstand eller rekna som næraste). Som i større lokale skal det vera mogleg med handvask, og du må ha oversikt over kven som er der, slik at smittesporing er mogleg.

Er det naudsynt?

Landet vårt har levd med smittetiltak sidan tidleg i mars, og det er nok mange som gjerne vil tilbake til det vanlege livet før Korona. I ein region som vår, med ingen stadfesta smitta i Austrheim og berre eit fåtal i nabokommunane, er det kanskje lett å slakka av på handvask, handsprit og avstand. Men hugs at det er ikkje berre gode tiltak som har gjort at me har unngått smitteoppblomstring. Det er like mykje det at ein i Austrheim ikkje har hatt den første personen med smitte, som så har kunna smitta andre med Covid-19.

Så hald avstand, vask hendene med såpe og bruk handsprit der det trengs, og hald deg heime om du er sjuk eller har symptom. Så blir ikkje du den som spreier Korona-smitte til andre.


Sist oppdatert: 02.09.2020
Publisert: 02.09.2020