HeimNyheterMELDING OM TAKST OG SKATT

MELDING OM TAKST OG SKATT

Utskriving av eigedomsskatt

Med heimel i vedtak i sak KS-112/18 i kommunestyret og sak SNE-004/17  og seinare vedtak om endringar og nyutskrivningar har Eigedomsskattekontoret i sak 001/19 gjort vedtak om utskriving av eigedomsskatt for skatteåret 2019.

 

Innbetaling av eigedomsskatt:

Eigedomsskatten fyljer andre kommunale krav og fakturerast to gonger i året. Eigedomsskatten skal ytast til fastsett tid og med dei summane som først er fastsette, endå om det er sendt inn klage over utskrivinga eller utskrivingsgrunnlaget, eller dei står under proving for ein klageinstans eller domstolane, jf. eigedomsskattelova § 25.

 

Taksering av eigedommane i Austrheim kommune

Austrheim kommune vedtok i sak KS-173/15 å utvide eigedomsskatt frå verk og bruk til verk og bruk og anna næring frå og med skatteåret 2017. Eigedomsskatten vert skriven ut i samsvar med eigedomsskattelova §§ 2, 3d, 10 og 11, samt vedtekter vedtatt av kommunestyret 15.12.2018. Kommunestyret har med heimel i eigedomsskattelova §§ 10 og 11 fastsett eigedomsskattesatsen for 2019 til 7 promille for alle eigedomar som vert omfatta av utskrivingsvedtaket. Vedtak om utskriving av eigedomsskatt og skattesats er gjort i sak KS-112/18.

 

Taksten på eigedomen kjem fram som følgje av mellom anna verdianalysar av området, faktaopplysningar om tomt og bygg og skjønnsmessig vurdering av kvar einskilt eigedom. Takstane er vedteke av ei politisk oppnemnt nemnd, sakkunnig nemnd, i sak SNE-004/17 og med seinare vedtak om endringar og nyutskrivningar. Nemnda er ansvarleg for å finne tilnærma marknadssverdi for eigedomane, jf. eigedomsskattelova § 8 A-2 Verdet:

 

«(1) Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.»

 

Alle eigedomar som skal takserast er synfara og alle bebygde eigedomar er fotografert av synfaringsmenn. Synfaringsmenna har kontrollert faktaopplysningar for alle bygg som skal takserast, mellom anna byggtypar og bruks-areal fordelt på etasjar, og gjort vurderingar om forhold på og rundt eigedomane som påverkar verdien til den einskilde eigedom.

 

Berekning av takst og skatt

Sakkunnig nemnd har i sak SNE-003/17 fastsett rammer og retningsliner for taksering, og seinare revisjonar som fyljer av lovendringar.

 

Fritak frå eigedomsskatt

Einskilde eigedomar skal ha heilt eller delvis fritak frå eigedomsskatt. Dette går fram av § 5 i eigedomsskattelova.

 

Kommunestyret i Austrheim har vedteke å frita helt eller delvis «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten», i høve til § 7 a i eigedomsskattelova, og «bygg som har historisk verde» i høve til § 7 b. Komplett liste over dei eigedomar og bygg som vert friteken er lagt ut til offentleg ettersyn. Eigar eller festar som meiner dei skulle ha hatt fritak, men ikkje har fått det, kan søkje om fritak.

 

Samanføying

Eigedomar på same gardsnummer med fleire bruksnummer kan søkje om samanslåing hjå kommunen. For nokre eigedomar vil samanslåing kunne gje redusert tomtetakst. Samanslåing er kostnadsfri.

 

Offentleg ettersyn:

Skatteliste, fritaksliste og sakkunnig nemnd sine rammer og retningsliner ligg tilgjengeleg i 3 veker frå

1. mars på følgjande stader:

  • Servicekontoret i kommunehuset på Austrheim
  • Kommunen si heimeside

 

Klage på eigedomstaksten:

Ein eventuell klage må sendast kommunen innan 6 veker frå 1. mars. Ein klage må være skriftleg, og den må vere underskriven. Du finn klageskjema både på servicekontoret i kommunehuset på Austrheim og på kommunen si heimeside.

 

Kontaktinformasjon:

Ønskjer du nærare opplysningar om korleis eigedomen din er taksert eller har andre spørsmål om eigedomsskattevedtaket kan du ta kontakt med kommunen sitt eigedomsskattekontor.

 

Telefon: 56 16 20 00.

 

Skriftleg kontakt og klage skal sendast til:

 

Austrheim kommune

  • Eigedomsskattekontoret
  • Sætremarka 2
  • 5943 Austrheim
  • E-post:  post@austrheim.kommune.no

 

Vedlegg:

Fritaksliste 2019

Skatteliste 2019


Sist oppdatert: 26.02.2019
Publisert: 26.02.2019