Dette er Korona-tiltaka som gjeld frå 4. til 18. januar
Frå måndag 4. januar er det innført nye nasjonale tiltak i samband Korona. Her i Austrheim er det gjort tilpassingar som følgjer, også gjeldande til 18. januar:
- Symjehallen på Kaland og Austrheimhallen stenger. Dette heng saman med at det er behov for å nytta reinhaldsressursar på skulane, der nye tiltak krev auka reinhald.
- Nordliheimen vert stengt for besøkande fram til 18. januar. Det er unntak for besøk til personar i livets siste fase, ta kontakt med sjukeheimen for å gjera avtale om besøk.
- Ungdomsskulane er på raudt nivå, med dei tiltak som høyrer til dette. Elevar og føresette får informasjon frå skulane.
- Kulturskulen gjennomfører i denne perioden berre undervisning i 1 til 1-form, det vil seia at alt frå korøvingar til babysong vil stoppa.
- Møte mellom innbyggjarar og administrasjonen vil primært gå digitalt, eller flyttast til seinare når det er mogleg å ha fysiske møte.
- Ungdomsklubben stoppar sine aktivitetar i denne perioden. Ein viser eller til at det er eit nasjonalt råd om å venta med innandørs fritidsaktivitetar fram til 18. januar.
- Biblioteket er stengt i denne perioden
Desse lokale tiltaka over er bestemt av Kommunal kriseleiing (KKL) i møtet måndag 4. januar.
Nasjonale råd og tiltak for perioden til 18. januar
Utdrag som er mest aktuelt i Austrheim.
Sosial kontakt:
Unngå å ha gjester i heimen. Vent 14 dagar med private besøk.
Det er unntak for naudsynte heimetenester og besøk hjå personar som er i livets siste fase.
Dei som bur aleine kan ha besøk, eller gå på besøk, til ein eller to faste venner eller til ein fast husstand.
Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort.
Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs er tilrådd utsett til etter 18. januar. Dette gjeld også alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/kohortar.
Reiser
Unngå alle unødvendige reiser i inn- og utland. Hytteopphald med personar frå same husstand er ikkje frårådd, innanfor dei lokale og nasjonale råda og reglane som gjeld.
Skular og utdanning
All undervisning og alle planlagde arrangement ved universitet, høgskular og fagskular blir digitale frem til 18. januar.
Alle vidaregåande skular og ungdomsskular går over til raudt nivå.
(Her i Austrheim gir skulane informasjon direkte til elevar og føresette om korleis skulekvardagen er denne perioden)
Arbeidsplassar
Heimekontor for alle som har høve til å ha det.
Alle kjøpesenter og butikkar bør innføra avgrensingar på kor mange ein kan vera i butikken og framleis halda avstand, og ha avstandskontroll.
Idrett
Utandørs aktivitet kan gjennomførast dersom det er mogleg å halda avstand.
Private samlingar og arrangement
Maksimalt fem personar på private samankomstar utanfor eigen heim, som til dømes bursdag i leigd lokale. Om det er fleire enn fem i same husstand, kan alle møtast.
Maksimalt ti personar på innandørs idrettsarrangement, kulturarrangement, seminar, livssynssamlingar, seremoniar med vidare, likevel 200 personar der alle i publikum sit i fastmonterte sete. Unntaket er gravferder der det kan vera opp mot 50 personar, sjølv om seta ikkje er fastmonterte.
Dei fleste slike arrangement vil uansett ikkje vera i tråd med nasjonale råd, og bør difor utsettast eller avlysast.
Uteliv og serveringsstader
Det er innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstader og arrangement.