HjemNyheterLedige stillingar i Austrheim-skulen

Ledige stillingar i Austrheim-skulen

Lærarar

Frå og med 01.08.21 er det ledig eit tal faste lærarstillingar ved Kaland barne- og ungdomsskule. Stillingane vil i hovudsak vera knytt til 5.-7. trinn. Søknadsfrist er tysdag 13. april.

Fagarbeidarar

Frå og med 01.08.21 til og med 31.12.21 er det ledig eit vikariat som fagarbeidar i 80 % stilling (-11 %) = 71,2 % stilling. Då ein føl skuleruta har ein trekk på -11 %. Søknadsfrist er tysdag 13. april.

Kulturskuleleiar

Frå og med 01.08.21 er det ledig 100 % fast stilling som kulturskuleleiar. Søknadsfrist er tysdag 13. april.

Logoped

Frå og med 01.05.21 er det ledig 100 % stilling som logoped, delt mellom 60 % vikariat og 40 % fast. Søknadsfrist er tysdag 13. april.

For fullstendig utlysingstekst og søknadsfrist sjå www.austrheim.kommune.no. Alle søkjarar må nytte vår elektroniske løysing for å søkje på stillinga. Sjå på våre heimesider www.austrheim.kommune.no.


Sist oppdatert: 24.03.2021
Publisert: 24.03.2021