HjemNyheterKvotefri jakt på hjortekalvar

Kvotefri jakt på hjortekalvar

Dispensasjon frå hjorteviltforskrifta § 18 – løyve til kvotefri jakt på hjortekalv i Austrheim kommune jaktsesongen 2023/2024
Publisert: 15.05.2023
Sist endra: 15.05.2023

Miljødirektoratet har sendt vedtak til kommunen der dei gjev dispensasjon frå føresegnene i hjorteviltforskrifta § 18, og tillèt at
Austrheim kommune tildeler kvotefri jakt på kalv av hjort i jaktsesongen 2023/2024.

Vedtaket kjem etter søknad frå Austrheim kommune om høve til å tildela fri kvote på kalv av hjort på grunn av arealbrukskonflikter, jf. søknad datert 5. mai 2023.

Vedtaket lyder slik: «Miljødirektoratet dispenserer frå forskrift om forvaltning av hjortevilt (hjorteviltforskrifta) § 18, og gir Austrheim kommune høve til å tildele kvotefri jakt på hjortekalv til godkjende vald i 2023/2024, jf. § 37 i same forskrift.

Kommunen vedtar kva vald som skal tildelast kvotefri jakt på hjortekalv. Kommunen skal informere valda om krav til rapportering i tråd med dette vedtaket».

Du kan lesa meir om ordninga i dette brevet frå Miljødirektoratet (klikk her):