HeimNyheterKulturminnevandring på Fonnes

Kulturminnevandring på Fonnes

Kuttarar ved kai Fonnes

Austrheim kyst- og sogelag inviterer saman med Austrheim kommune til kulturminnevandring på Fonnes, søndag 15. september. Vandringa startar klokka 14.00, frå det som heiter "Gullaksskiftet" (krysset mot hovudvegen), og så går ein ned til Fonnes kai. 

Tema er "Fonnes kai før i tida - møtestad, handel og næring". Her får du vera med på ei vandring med historieforteljing, i ei bygd som ein gong var eit livleg sentrum - med bustadhus, landhandel, postlokale, telestasjon, kafé og pensjonat, sjøbuer og fiskeri, fabrikk og dampskipskai.

Kulturminnevandringa vert avslutta med enkel servering, ute eller under tak alt etter vêret.

Parkering ved Fonnes Senter - Vel møtt!


Sist oppdatert: 06.09.2019
Publisert: 06.09.2019