HjemNyheterKoronavaksinering

Koronavaksinering

Eigenerklæringsskjema til deg som skal ta 1. dose med Koronavaksine

Her er eit skjema som skal fyllast ut og tas med når du skal ta den 1. dosen med Korona-vaksine. For 2. og 3. dose treng du ikkje dette skjemaet. Skjemaet inneheld mellom anna spørsmål om annan vaksinestatus, tidlegare smitte med meir. Om du ikkje har skrivar/printer heime, kan du henta dette skjemaet på kommunehuset. På Servicekontoret trykker me opp og legg dei rett innom inngangsdøra (hovudinngangen), slik at du kan henta skjemaet utan å gå heilt inn.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Oppfriskingsdose for Korona-vaksine - 04.10.23

Det er vaksinering mot influensa og Korona, i Austrheimhallen tysdag 24. oktober og tysdag 7. november 2023 klokka 16-18, for alle i målgruppene. Les meir her:

Oppfriskingsdose for Korona-vaksine - 22.03.23

Det er no tilbod om oppfriskingsdose med Korona-vaksine, og dei som ønskjer må ta kontakt med Servicekontoret på telefon 56162000 for å bli sett på liste. Legekontoret vil i neste omgang ringa tilbake med opplysningar om når ein kan få sett vaksinen.

Rådet frå Folkehelseinstituttet (FHI) er at denne oppfriskingsdosen med vaksine vert tatt av dei som er 75 år og eldre, og dei som bur på sjukeheim.

Ein ny dose vaksine er særleg aktuell for dei som ikkje har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon tidlegare, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.

Det bør ha gått meir enn 6 månader sidan sist dose.

Sjølva vaksineringa vil bli gjennomført mot slutten av april, når kommunen får tildelt nye vaksinedosar.

Vaksineringa er gratis, og frivillig.

Koronavaksinering til 65 + onsdag 16. november - 15.11.22

Det er planlagt vaksinering onsdag 16. november klokka 14.00. I utgangspunktet nokre få dosar, men det er mogleg å legga inn fleire vaksineringar om det er behov.

Tilbodet er til dei som er over 65 år, eller som er i risikogruppene ved Korona-sjukdom, og til dei som ønskjer vaksinering og står med 0, 1 eller 2 vaksiner så langt.

Vil du ha vaksine? Ring legekontoret på 56 16 82 00.

Koronavaksinering torsdag 6. oktober - 30.09.22

Torsdag 6. oktober vert det koronavaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Møt fram, ingen timebestilling. Det vert sett vaksiner så lenge ein har. Vaksineringa er for alle som er 65 år og eldre, samt andre grupper, klikk her for å lesa meir:

Koronavaksinering torsdag 22. september - 15.09.22

Torsdag 22. september vert det koronavaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Møt fram, ingen timebestilling. Det vert sett vaksiner så lenge ein har. Vaksineringa er for alle som er 65 år og eldre, samt andre grupper, klikk her for å lesa meir:

4. dose Korona-vaksine blir gitt torsdag 25. august - 19.08.22

Torsdag 25. august vert det Korona-vaksinering med 4. dose for alle over 75 år. Vaksineringa vil skje i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Det er ikkje naudsynt å bestilla plass til vaksinering, det er berre å møta opp og så blir det gitt vaksine til lageret er tomt. (Klikk her for å lesa meir)

Vil du ha 3. dose Korona-vaksine? Ta kontakt med legekontoret - 02.05.22

Dei som ønskjer dose nummer tre med vaksine mot Covid-19/Korona, og som ikkje har fått avtalt time, må ta kontakt med legekontoret på telefon 56 16 82 00.

Bestill time til vaksinering torsdag 31. mars - 25.03.22

Ønskjer du å ta vaksine for Korona, kan du få dette torsdag 31. mars. Det vert denne dagen vaksinering frå klokka 16.00. Ring Servicekontoret på 56 16 20 00 dersom du ønskjer vaksine (klikk her for å lesa):

Utdeling av hurtigtestar - vaksinering - smittetal - 28.02.22

Utdeling av hurtigtestar vert frå denne veka redusert til to dagar i veka. Du kan henta hurtigtest måndag og torsdag, klokka 15.00 til 16.00, ved garasjen utanfor Austrheimhallen. Les om dette og anna oppdatert Korona-informasjon på denne lenka (klikk her):

Korona-vaksinering 23. februar og 8. mars - 21.02.22

Vaksinering mot Korona vil no skje på legekontoret, og etter bestilling av time. Det er i første omgang sett opp to dagar til vaksinering, onsdag 23. februar kl. 16 til 17, og tysdag 8. mars kl. 16 til 17. Klikk her for å lesa meir: 

Regjeringa fjernar krav til munnbind og meter - 12.02.22

Regjeringa har avslutta alle forskriftsfesta tiltak mot covid-19/korona, inkludert krav om munnbind, ein meter avstand og plikt til isolasjon ved sjukdom. Les meir her:

Siste runde med drop in-vaksinering er 9. februar - 09.02.22

Legekontoret står klare i Austrheimhallen for vaksinering klokka 16-17. Les om dette, om Korona-pass for ferie, og meir til ved å klikka her:

Utdeling av hurtigtestar flytta til Austrheimhallen, neste drop in-vaksinering 9. februar - 03.02.22

Sjølvtestar for Korona skal frå og med torsdag 3. februar hentast ved Austrheimhallen (garasjebygg ved inngangen). Les om dette, om at legekontoret berre tar PCR-testar på medisinsk grunnlag, og om neste vaksinering 9. februar, ved å klikka her:

Tilbod om Korona-vaksine til barn mellom 5 og 12 år - 28.01.22

Austrheim kommune tilbyr no koronavaksine til barn i aldersgruppa 5 til 11 år. Tilrådinga er at barn med alvorleg grunnsjukdom bør vaksinerast, medan friske barn kan vaksinerast dersom foreldra og barnet sjølv ønskjer det. Klikk her for å lesa meir:

Elektronisk registrering av sjølvtest Korona - 26.01.22

Informasjon om dei nye reglane for Korona-testing, samt elektronisk registreing av positive sjølvtestar. Les om dette her:

Endringar for test og karantene - 25.01.22

Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar. Forskrifts-endringa gjeld frå og med midnatt, natt til 26. januar. Les meir på regjeringen.no: 

Informasjon til føresette og tilsette i barnehagar og skular - 17.01.22

Informasjon om tilrådingar og tiltak knytt til Covid-19, for skular og barnehagar, samt vaksine for barn. Les meir ved å klikka her:

Drop in-vaksinering onsdag 19. januar - 14.01.22

Onsdag 19. januar vert det ny runde Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Les meir ved å klikka her:

Nasjonale Korona-reglar frå 14. januar - 14.01.22

Dette er dei nasjonale Korona-tiltaka som vart sette i verk frå midnatt natt til fredag 14. januar. Les meir ved å klikka her:

Drop in-vaksinering torsdag 13. januar - 10.01.22

Torsdag 13. januar vert det ny runde Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Les meir ved å klikka her: 

Råd om testing, smittekarantene og isolasjon - 05.01.22

Her finn du informasjonen du treng, anten du er smitta eller nærkontakt. (Klikk her):

Drop in-vaksinering torsdag 6. januar - 03.01.22

Torsdag 6. januar vert det Korona-vaksinering i Austrheimhallen, frå klokka 16.00 til 18.00. Les meir ved å klikka her:

Planlegg drop-in vaksinering i veke 1 2022 - 30.12.21

Legekontoret planlegg ein ny runde med drop-in vaksinering mot slutten av den første veka i januar 2022. Kva tid, og kva dag, kjem det meir informasjon om tidleg i neste veke. Klikk her for å lesa oppdatert informasjon om Korona:

Takk for at du tar Korona-vaksine - 23.12.21

Legekontoret og Austrheim kommune takkar alle som har møtt til Korona-vaksinering no i haust. Dette er reglane som no gjeld for karantene og isolasjon, klikk her for å lesa:

Korona-vaksinering tysdag 21. desember - 17.12.21

Ny runde med Korona-vaksinering utan timebestilling, altså drop-in-vaksinering. Klikk her for å lesa meir:

Kven kan få sjølvtestar? - 16.12.21

Kommunen må prioritera strengt på kven som skal få utlevert sjølvtestar for Korona. Klikk her for å lesa meir:

Ta 3. vaksinedose – gå klar karantene - 15.12.21

Ny forskrift og nye råd og tilrådingar om Korona-pandemien er sette i verk frå i dag 15. desember. Klikk her for å lesa meir:

Drop-in vaksine 21. desember - 15.12.21

Det blir ny runde med Drop-in Korona-vaksinering i Austrheimhallen tysdag 21. desember klokka 15 til 17. Klikk her for å lesa meir:

Nye nasjonale Korona-reglar frå 15. desember - 14.12.21

Dette er dei nasjonale forskriftsfesta tiltak, råd og anbefalingar som gjeld frå natt til onsdag 15. desember. Les meir ved å klikka her

Korona-tiltak iverksett 9. desember - Drop-in vaksinering - 10.12.21

Les kva som gjeld om isolasjon og karantene, og når du kan få vaksine utan timebestilling (drop-in). Les meir på lenka:

Nye nasjonale Korona-tiltak - 07.12.21

Regjeringa varsla tysdag 7. desember nye nasjonale tiltak mot Korona-smitte. Les meir ved å klikka på lenka:

Strengare tiltak - meir vaksinering - 03.12.21

Regjeringa har innført regional forskrift - kommunen jobbar på med vaksinering.

Les meir ved å klikka på denne lenka:

Regionale smitteverntiltak vedtekne for Austrheim - 03.12.21

Regjeringa innfører regionale tiltak i fleire kommunar i Vestland for å få ned Korona-smitten. Austrheim er ein av kommunane som er omfatta.

Les meir ved å klikka på denne lenka:

Nye nasjonale tiltak og råd mot Korona-smitte - 30.11.21

Regjeringa har i dag 30. november innført nye nasjonale tiltak som skal hindra spreiing av Korona-viruset. Les meir her:

50 smitta siste månad - smittestatus per 26.11.21

Ei kort oppsummering av smittesituasjonen:

  • Dei som er sjuke er fordelt mellom at dei er asymptomatiske, eller har symptom tilsvarande ei forkjøling eller influensaliknande sjukdom.
  • Ingen alvorleg sjuke, og ingen herifrå på sjukehus på grunn av Korona.
  • Ikkje smitte inn på sjukeheimen.

Austrheim har ei forskrift som gjeld fram til 5. desember. Oppmodar på det sterkaste til at folk etterlever denne, for å unngå at smitten sprer seg. Klikk her for å lesa den:

Dette gjeld bruk av munnbind, halda avstand, reine hender, ikkje handhelsa med meir, og aller viktigast: At folk heldt seg heime ved teikn til nyoppståtte luftvegssymptom, og at spesielt vaksne og ungdommar då må testa seg.

Om ein opprettheld desse relativt enkle tiltaka, kan alle gjera sitt for å halda smitten nede, og sikra at alle får ein god juleferie med familien.

Les gjerne meir i saka som vart lagt ut onsdag: Hugs påbod og råd!

Hugs påbod og råd - smitteoppdatering Korona - 25.11.21

Austrheim er no oppe i 45 personar med stadfesta Korona-smitte den siste månaden, og med denne utviklinga er det viktig at den enkelte gjer sitt for å avgrensa vidare spreiing av viruset. Det er bra at mange brukar munnbind på butikkar, kollektivtransport og andre stader der det er vanskeleg å halda ein meters avstand. Men det er framleis ein del som ikkje er like flinke, så dette er ei påminning om forskrifta som er innført. Klikk her for å lesa meir: 

Nye smitta i Austrheim - nytt tiltak om bruk av munnbind - 19.11.21

Det er 37 nye Korona-smitta sidan rundt 20. oktober, som var då Austrheim fekk det første av fleire smitteutbrot etter ein lengre periode med berre nokre få Korona-tilfelle. Fredag 19. november går Bergen kommune ut med nye tiltak som er heimla i ei forskrift som skal gjelda frå måndag 22. november. Austrheim innfører dei same tiltak og gjev dei same råda. Les meir her:

Smitteutbrot i Austrheim - 26 Korona-smitta siste to veker - 10.11.21

Med bakgrunn i dagens smittesituasjon, har Kommunal kriseleiing (KKL) i dag 10. november komme med nye Korona-anbefalingar. Les meir her

Slik hentar du ut Korona-testar til bruk heime - 10.11.21

Alle som har symptom på Korona, kan få gratis hurtigtest på Austrheim legekontor. Men ikkje ring om dette - sjekk heller hentetidene. Henting av testar skjer på baksida av legekontoret, mellom klokka 14.30 og 15.15. Gå rundt kommunehuset og finn døra innerst under taket, ring på dørklokka, og det kjem nokon ut og leverer test. Les meir her:

Smitteutbrot i Austrheim, grunnleggande smittevern viktig - 28.10.21

Korona-pandemien er ikkje over, og dei siste dagane er det både unge og vaksne Austrheim-innbyggjarar som har testa positivt for Korona. Dei som er smitta har relativt milde symptom, og det vert i denne omgang ikkje innført nye tiltak i kommunen. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 15.10.2021

Det vert vaksinering onsdag den 20. oktober, som oppsamling for dei som skal ha 2. dose Korona-vaksine. Neste runde med 3. dose vert i desember. Les meir her: 

Korona- og vaksine-status per fredag 08.10.2021

Austrheim inviterer alle over 65 år til å komma for å få ein 3. dose/påfyllingsdose med Korona-vaksine. Det må ha gått seks månader sidan du fekk andre dose med Korona-vaksine, i praksis før 20. april.

Du må melda deg på for å få denne 3. vaksinedosen, ring Servicekontoret på 56162000 og oppgje namn, fødselsdato og telefonnummer. Klikk her for meir om dette, og Korona-informasjon elles:

Informasjon om influensavaksine 2021:

No er det tid for den årlege influensavaksinen. Særleg viktig er det at personar som er i risiko for alvorleg sjukdom vaksinerer seg. 

  • Tysdag 26. oktober kl. 14.00-18:00
  • Torsdag 28. oktober kl. 14:00-18:00
  • Stad: Austrheim idrettshall. Ingen timebestilling, berre møt opp.

Klikk her for å lesa heile artikkelen:

Korona- og vaksine-status per fredag 01.10.2021

Samfunnet har opna igjen etter korona-stenginga - men framleis er det noko å passa på. Klikk her for å lesa det som er viktig å notera seg her i Austrheim:

Korona- og vaksine-status per fredag 24.09.2021

No hastar det om du vil ha 1. dose med Korona-vaksine - no opnar samfunnet igjen. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 17.09.2021

Ein sjanse igjen til vaksinering med 1. dose – Austrheim snart ferdig med vaksinering mot Korona. Les meir her:

Korona- og vaksine-status per fredag 10.09.2021

Om du ønskjer å få Korona-vaksine, men ikkje har meldt deg enno, er det snart siste frist for å be om 1. dose. I Austrheim er siste sjanse for 1. dose å få sett den torsdag 16. september eller torsdag 23. september. Les meir her 

Korona- og vaksine-status per fredag 03.09.2021
  • 1: Snart siste frist for å melda seg til vaksinering med 1. dose.
  • 2: No startar vaksineringa av årskulla 2006 til 2009.
  • 3: Hugs å stilla til vaksinetimen din!

Les meir her 

Covid-19 vaksinering av barn/unge fødde 2006-2009 (fylt 12 år)

Torsdag 9. september vert det vaksinering av barn/unge fødde 2006-2009 (må ha fylt 12 år). Vaksineringa er i Austrheimhallen frå kl.17.00 og utover:

  • 7. klasse møter kl. 17.00
  • 8. klasse møter kl. 17.30
  • 9. klasse møter kl. 18.00
  • 10. klasse møter kl.18.30

Alle må ha med samtykkeskjema med underskrift frå begge foreldre.
Dei som ikkje er 12 år enno, vil få tilbod om vaksine etter fylte 12 år.
Dersom nokon ikkje kan denne dagen, ta kontakt med Austrheim legekontor/Årås helsestasjon.

Korona- og vaksine-status per fredag 27.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 27. august 2021 er at 2.281 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.562 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 2. september i Austrheimhallen. Om du har fått sett dose 1, og vil framskunda den 2. dosen, ta kontakt med legekontoret for å få sett opp time. Les meir her

Framskundar vaksinering med 2. dose - informasjon måndag 23.08.2021

Austrheim kommune har fått mange vaksinedosar for denne veka og den neste, og ønskjer no å framskunda avtalane for dei som er sette opp med 2. dose med Korona-vaksine i oktober.

Om du er sett opp med 2. dose i oktober, ta kontakt med Austrheim legekontor for ein ny avtale. Det er mogleg å få flytta fram din time til vaksinering, til torsdag 26. august. Kommunen held fram med vaksinering torsdagar framover, slik at den neste vaksinedagen er 2. september og deretter 9. september.

Merk at det skal gå minst tre veker mellom vaksinering med 1. og 2. dose. Ta også kontakt dersom du ikkje har fått den 1. dosen, men ønskjer det no.

Tilbodet om Korona-vaksine er no utvida også til dei som er 16 og 17 år (fødde i 2004 og 2005). Legekontoret kontaktar desse, men ring sjølv om du ønskjer vaksine men ikkje er kontakta.

Du kan ringa legekontoret på 56168200, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00. Det er viktig at ein svarer telefonen når legekontoret ringer for å avtala time, og i neste omgang møter presis til den tida ein har vaksinetime.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje.

Korona- og vaksine-status per fredag 20.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 20. august 2021 er at 2.045 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.546 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 26. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få ekstra mange dosar. Det kjem SMS til innbyggjarane tidleg i veke 34 med meir informasjon om dette, mellom anna om å opna for tilbod om vaksinering av 16- og 17-åringar. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 13.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 13. august 2021 er at 2.030 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.417 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 19. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få 132 dosar. Mesteparten av desse vil gå til dose 2-vaksinering.

Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering. Det vert ikkje drop in-vaksinering 19. august. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 06.08.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 6. august 2021 er at 2.008 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.337 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert onsdag 11. august i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa vil kommunen få 102 dosar.

Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering.

Dersom legekontoret ikkje har fått fatt i deg for å gje tilbod om time, eller du kanskje har sagt nei til vaksine tidlegare, er det no ope for å ringa legekontoret for å be om time til vaksinering. Du kan ringa legekontoret på 56168200, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00.

Vaksinen er gratis, og det er frivillig å ta den eller ikkje. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 30.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 30. juli er at 1.960 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.076 også fått den andre og siste dosen. Neste vaksinering vert onsdag 4. august i Austrheimhallen.

No er vaksinetilbodet ope for alle over 18 år som ikkje har fått første dose. Den enkelte vil bli oppringt med tilbod, og for å avtala tid til vaksinering. Dersom legekontoret ikkje har fått fatt i deg for å gje tilbod om time, eller du kanskje har sagt nei til vaksine tidlegare, er det no ope for å ringa legekontoret for å be om time til vaksinering. Les meir her:

Tilbod til alle over 18 år om 1. dose, også Drop-in-vaksinering i Austrheimhallen 28. juli

Er du over 18 år og ønskjer 1. dose med Korona-vaksine? Ring Austrheim legekontor tysdag 27. juli for vaksine-avtale (telefon 56168200, frå 08.30 til 15.00).

Vaksineringa skjer i Austrheimhallen onsdag 28. juli.

Der vert det også Drop-in vaksinering for dose 1, klokka 14.30-16.00, eller så langt det rekk.

Tips gjerne andre om dette!

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Korona- og vaksine-status per fredag 23.07.2021

Vaksinestatus i Austrheim per 23. juli er at 1.532 personar har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1.021 også fått den andre og siste dosen. Neste vaksinering vert onsdag 28. juli i Austrheimhallen. Til denne vaksineringa er det tildelt ekstra mange vaksinedosar, kring 400 stykk. Kommunen har difor gått ut med eit generelt tilbod om vaksine til alle innbyggjarar over 18 år som ikkje har fått første dose. Klikk her for å lesa meir:

Tilbod om Korona-vaksine til alle uvaksinerte over 18 år, melding torsdag 22.07.2021

Alle uvaksinerte over 18 år vert no ringt av kommunen for tilbod om Korona-vaksine (1. dose) på onsdag 28. juli.

Viktig: Svar på oppringing, og møt presis til avtalt vaksinetime.

Uvaksinerte over 18 år som ikkje er kontakta før tysdag 27. juli, kan ringa legekontoret 56168200.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Korona- og vaksine-status per fredag 16.07.21

Vaksinestatus i Austrheim per 16. juli er at 1543 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 1011 også fått den andre og siste dosen.

Tala for veke 28 var ikkje heilt rett grunna endringar i tilsendt statistikk frå FHI.

Neste vaksinering vert onsdag 21. juli i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 14. juli var det 20 nyvaksineringar, og 64 revaksineringar.

Neste veke får Austrheim 138 dosar.

Korona- og vaksine-status per fredag 09.07.21

Vaksinestatus i Austrheim per 9. juli er at 1.485 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 945 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert onsdag 14. juli i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 7. juli var det 69 nyvaksineringar, og 15 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var for det meste til personar i den aller yngste aldersgruppa (18 - 24 år). Neste veke får Austrheim 84 dosar.

Korona- og vaksine-status per torsdag 01.07.21

Vaksinestatus i Austrheim per 1. juli er at 1.454 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 932 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert onsdag 7. juli i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 30. juni var det 120 nyvaksineringar, og 6 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 45-54 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 84 dosar. Klikk her for å lesa meir.

Korona- og vaksine-status per fredag 25.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 25. juni er at 1.334 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 926 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 1. juli i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 24. juni var det 104 nyvaksineringar, og 34 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 45-54 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 126 dosar. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 18.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 18. juni er at 1.230 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 892 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 24. juni i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 17. juni var det 53 nyvaksineringar, og 73 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar. Neste veke får Austrheim 138 dosar.

For å lese meir om dette klikk her: 

Korona- og vaksine-status per fredag 11.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 11. juni er at 1.177 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 819 også fått den andre og siste dosen.

For vaksineringa 10. juni var det 42 nyvaksineringar, og i alt 84 revaksineringar. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Om du meiner at du er i risikogruppe og skulle hatt vaksine raskare enn andre på din alder, kan du ringa til legekontoret for registrering av vaksineønsket. Legekontoret har telefon 56 16 82 00. Om du meiner at du skal ha tilbod om vaksine samstundes med andre på din alder, kan du berre venta på at legekontoret tar kontakt for tilbod om vaksine.

Klikk her for å lesa meir om vaksinering og gjeldande reglar:

Korona- og vaksine-status per fredag 04.06.21

Vaksinestatus i Austrheim per 4. juni er at 1.051 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 735 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 10. juni i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 4. juni var det 74 nyvaksineringar, og i alt 172 revaksineringar til personar som fekk anten BioNTech-Pfizer-vaksine, eller AstraZeneca i første runde. AstraZeneca-vaksinen blir ikkje brukt lengre. Nyvaksineringar denne veka var til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Klikk her for å lesa meir om vaksinering og gjeldande reglar:

Korona- og vaksine-status per fredag 28.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 28. mai er at 977 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 563 også fått den andre og siste dosen. Neste vaksinering vert torsdag 3. juni i Austrheimhallen.

Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

Også for vaksineringa 3. juni vert det mest revaksinering, i alt skal det settast 246 dosar. Det er revaksinering for dei som fekk 1. dose med BioNTech-Pfizer-vaksinen, og for dei som fekk AstraZeneca i første dose. Det vert også nokre dosar med 1. dose, det er til personar i alder 55-64 år samt yngre med tilleggsdiagnosar.

Korona- og vaksine-status per fredag 21.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 21. mai er at 968 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 356 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 27. mai i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Dette gjeld også helsepersonell som skal revaksinerast, legekontoret tar kontakt med den enkelte.

For vaksineringa 27. mai vert det revaksinering, herunder revaksinering med ny vaksine for dei som fekk AstraZeneca i 1. dose. Det er 102 dosar til revaksinering for dei som fekk 1. dose med BioNTech-Pfizer-vaksinen, og 116 dosar med BioNTech-Pfizer-vaksinen til dei som fekk AstraZeneca i første dose. Helsepersonell som fekk AstraZeneca i dose 1, får tilbod om revaksinering neste veke eller veka etter.

Klikk her for å lesa meir om dette og om utbrot blant russen i Nordhordland:

Korona- og vaksine-status per fredag 14.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 14. mai er at 962 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 284 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert torsdag 20. mai i Austrheimhallen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. For vaksineringa 20. mai får Austrheim 78 dosar.

Vaksineringa følgjer den nasjonale prioriteringa, no vert det gitt vaksine til innbyggjarar i aldersgruppa 55-64 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Klikk her for å lesa meir:

Korona- og vaksine-status per fredag 7.05.21

Vaksinestatus i Austrheim per 7. mai er at 896 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 247 også fått den andre og siste dosen.

Neste vaksinering vert tysdag 11. mai i Austrheimhallen, veka etter er ein tilbake til torsdagar som vaksinedag. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. For vaksineringa 11. mai får Austrheim 66 dosar. Klikk her for å lesa meir om status smitte og vaksinering:

Korona- og vaksine-status per fredag 30.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 30. april er at 846 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 207 også fått den andre og siste dosen. 

Det er planlagt vaksinering i Austrheimhallen på torsdagar vidare, også i mai månad (med unntak av 13. mai som er Kristi Himmelfartsdag, den veka vert det vaksinering tysdag 11. mai). Som tidlegare er det slik at legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time til vaksinering, så ein treng ikkje ringa for å be om vaksine. Les meir her (klikk på lenka):

Korona- og vaksine-status per fredag 23.04.21

Austrheim har ikkje hatt smitte sidan tidleg i februar, og med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at dette held fram.

Som tidleg er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs. Les meir her (klikk på lenka):

Korona - og vaksinestatus per fredag 12.04.21

Austrheim har ikkje hatt smitte sidan tidleg i februar, og med god etterleving av gjeldande råd og reglar håpar me at dette held fram.

Som tidleg er det den grunnleggande innsatsen frå alle som er avgjerande: Avstand – reine hender – handsprit og munnbind der det trengs. Les meir her (klikk på lenka):

Vaksine-status per fredag 16.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 16. april er at 671 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 175 også fått den andre og siste dosen.

Neste veke vert det vaksinering torsdag 22. april i Austrheimhallen. Kommunen får 78 dosar til den 22. april, og jobbar no med vaksinering av personar i aldersgruppa 65-74 år, samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

For vaksinering den 29. april ventar kommunen å få 84 dosar.

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Vaksine-status per fredag 09.04.21

Vaksinestatus i Austrheim per 9. april er at 498 har fått minst ein dose med vaksine, av desse har 171 også fått den andre og siste dosen.

Neste veke vert det vaksinering torsdag 15. april i Austrheimhallen. Kommunen har fått 96 dosar, og jobbar no med vaksinering av personar i aldersgruppa 65-74 år samt personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp. I den enkelte aldersgruppa som får tilbod om vaksine, er det dei eldste som står først i køen. Legekontoret tar kontakt med den enkelte for å avtala time.

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine, dette skal du ha med deg til hallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Vaksinen er gratis.

Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine

Korona-status og prioritering av vaksinering - status tysdag 30.03.21:

Her kan du lesa om tiltaka som gjeld per no, og korleis ein prioriterer vaksinene. Klikk her for å lesa meir.

Ventar med Astra Zeneca-vaksine - status fredag 12.03.21:

Bruken av vaksine frå Astra Zeneca er sett på pause - dei med fastlege i andre kommunar må gje beskjed om dei skal prioriterast i vaksinekøen. Klikk her for å lesa meir:

Godt i gang med vaksineringa - status fredag 5.03.21:

Austrheim er godt i gang med vaksineringa mot Korona, og kan etter kvart få tilgang til fleire typar vaksine, klikk her for å lesa meir:

Koronavaksinasjon, status per 19.02.21

Austrheim kommune starta ved nyttår med vaksinering mot Korona, og har så langt fått tildelt dosar med Pfizer sin vaksine. Denne skal gis i to dosar med tre vekers mellomrom.

Per fredag 19. februar er det sett 212 dosar. Mange har fått to dosar og er ferdig vaksinerte, men ein del ventar på dose to. I veke 8 og 9 vert det berre revaksinering, altså ingen får den første dosen desse vekene.

Vaksineringa skjer etter den nasjonale prioriteringslista, den finn du i teksten like under her. Per no er ein komme til aldersgruppa 75 - 84 år.

Legekontoret tar kontakt med dei som skal vaksinerast, slik at ein får beskjed når det nærmar seg turen for å kunna ta vaksinen.

Koronavaksinen er gratis.

Koronavaksinasjon frå veke 1 - prioriteringsliste, status per 30.12.20

Dei første dosane med vaksine er komne til Norge, og her i Austrheim startar me vaksineringa den første veka i januar.

Vaksinen synest så langt å vera trygg med få alvorlege biverknadar. Dei eldre får mindre biverknadar enn dei yngre. Det vanlegaste er etter ein til to dagar litt smerte på stikkstaden, hovudsmerte, muskelsmerte, frysningar, leddsmerte, feber og ein kan kjenna seg sliten. Dette er teikn på at vaksinen set i gang immunsystemet.

Full vaksine gir skydd mot alvorleg sjukdom hos 95% av dei som er vaksinerte. Den vaksinen som vert nytta no, skal ein ha to dosar av. Det skal gå minst 21 dagar mellom første og andre dose.

Staten har laga ei prioritering frå 1 til 9 som kommunen er pålagt å følgja:

  1. Bebuarane ved sjukeheimen,.
  2. Alle over 85 år
  3. Dei som er mellom 75 og 84 år
  4. Alder 65-74 år og personar 18-64 år med tilstandar som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Fastlegen får i oppgåve å gje opp kven som kjem i denne gruppa (kriteria frå FHI)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  8. Alder 55-64 år 
  9. Alder 45-54 år

30. desember er det sagt frå Folkehelseinstituttet at vaksinasjon av utvalde grupper helsepersonell skal skje parallelt med vaksinasjon av bebuarar på sjukeheimar og i risikogrupper over 85 år.

Desse kriteria kan endrast utifrå smittesituasjonen.

Vaksinen er gratis.

Vi tek kontakt med dei ulike etter den rekkefølgja som er gitt i prioriteringslista, og rår til at alle som får tilbod om vaksine, tek imot denne. I tillegg til direkte kontakt frå oss kan du også finna informasjon på kommunen sine nettsider. Dei som bur på sjukeheimen, får sin vaksine der.

Dei som nyttar blodfortynnande, skal venta med dagsdosen til etter at ein har fått vaksine. Fastlegen kan kontaktast for rådgjeving kring vaksinering. 

Korona-situasjonen

Austrheim har no ingen lokale tiltak utover dei nasjonale. For oppdatert informasjon viser me til statleg informasjon, som også blir lagt ut på kommunen sine nettsider. Dei retningslinjer som gjeld for ulike arrangement, er også tilgjengelege via kommunen sine nettsider. Der er det også linkar vidare til Folkehelseinstituttet og Regjeringa sine informasjonssider.

Informasjon frå nettsida vert delt på Facebook, men alt er alltid tilgjengeleg på nettsida. Kommunen sender også korte varsel på SMS om det er noko viktig som må ut til alle.

I det vidare arbeidet for å halda kontroll på smitten er det som tidlegare viktig at den enkelte gjer sin del av innsatsen, med grunnleggande ting som reine hender – handsprit – avstand – eventuelt munnbind der det ikkje er mogleg å halda god nok avstand (12 år og yngre skal ikkje bruka munnbind).

Følg med på heimesida for eventuelle endringar på møta på grunn av Korona-situasjonen.

Du vil få tid for vaksinasjon og møtestad for begge dosane. Kan du ikkje møta til avtalt tid, er det viktig å melda frå slik at andre kan få vaksinedosen. Er du blitt sjuk i luftvegane, forkjøling, feber eller liknande, skal du melda frå, og ikkje møta til vaksinasjon.

Austrheim legekontor/Austrheim kommune

Vaksineringsplanen i Austrheim, status per 17.12.20: 

Etter ti månader med ulike tiltak for å bremsa Korona-viruset, ser det no ut for at me på nyåret kjem i gang med vaksinering. Det er ikkje nok vaksinedosar til alle frå starten av, og vaksinering vert prioritert slik:

  1. Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustadar
  2. Eldre over 85 år
  3. Eldre over 75 år
  4. Eldre over 65 år
  5. Personar 18–64 år med ein eller fleire sjukdommar (lista er ikkje klar enno).
  6. Helsepersonell med pasientkontakt. Denne gruppa vil få høgare prioritet viss smittepresset i det norske samfunnet skulle auke.

Målet med vaksinering er på beskytta kvar einskild som er vaksinert, mot korona-sjukdommen. Vaksinen hindrar ikkje at ein kan verta smitta eller smitteførande, difor må ein stadig ta smittevernomsyn.

Med avgrensa vaksinetilgang vil vaksinering gå føre seg stegvis. Du treng ikkje ta kontakt med kommunen/fastlegen din:

  • 👉Austrheim kommune vil kontakta alle personar i gruppe 1 og 2 (sjå lista over).
  • 👉 Personar i gruppe 3 vert kontakta for å stå på ringeliste om vi har att vaksinar i fyrste runde.
  • 👉 Personar i gruppe 4-6 treng ikkje ta kontakt med fastlege. Vi vil gå ut med nærare informasjon etter kvart som vi veit meir.

Litt fakta om vaksinane:

  • ❗ Den vaksinen som truleg vert godkjent fyrst, må lagrast ved -75 °C før distribusjon til kommunane.
  • ❗ Når vaksinen er tint opp, er den haldbar i 5 døgn ved 2–8 °C. Tida går frå vaksinen vert teken ut frå sentralt lager. Kommunen har berre 5 døgn inkludert transporttid til å få brukt desse dosane.
  • ❗ Frå hetteglaset er opna og tilsett saltvatn, må dei 5 dosane takast i bruk i løpet av 6 timar.
  • ❗ Alle skal ha to dosar. Andre dose må setjast etter minst 21 dagar etter den fyrste.

Vi ser fram til 2021 og håpar å få bukt med denne pandemien!

Austrheim kommune har denne veka levert sin vaksineplan, som mellom anna bygger på erfaringane med influensavaksineringa i haust.

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, klikk her for å komma til sida www.fhi.no/kvp:

Folkehelseinstituttet si side om vaksine:

Folkehelseinstituttet har laga ei eiga temaside om ansvarsforhold og organisering av koronavaksinasjonsprogrammet i Norge, klikk her for å komma til sida www.fhi.no/kvp:


Sist oppdatert: 04.10.2023
Publisert: 17.12.2020