Det vert ny runde for Korona-vaksinering i Austrheim torsdag 6. oktober.
Kvar og når er det vaksinering:
- Vaksineringa er i Austrheimhallen frå klokka 16.00 til 18.00.
- Møt fram, ingen timebestilling.
- Det vert sett vaksiner så lenge ein har.
Kven kan få vaksine:
- Det er tilbod om vaksine etter den prioriteringa som Folkehelseinstituttet (FHI) kom med 12. september 2022.
- Alle som er 65 år og eldre.
- Oppfriskingsdose til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp.
- Oppfriskingsdose til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom.
- Oppfriskingsdose til gravide.
Du har hatt Korona nyleg, kva med oppfriskingsdosen?
- Om du no har gjennomgått korona/covid-19, der sjukdommen er stadfesta med prøve, er rådet frå Folkehelseinstituttet å venta 3-4 månader med å ta ein oppfriskingsdose.
- Du kan likevel få den tidlegare, men ikkje tidlegare enn minst tre veker etter at du vart frisk igjen.
- Folkehelseinstituttet skriv at antistoffresponsen etter ein oppfriskingsdose er betre dersom tidsintervallet er lengre enn minimumsperioden på 3 veker.
Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet på Folkehelseinstituttet si heimeside, klikk på lenka - ekstern lenke.