HjemNyheterKoronavaksinasjonen startar i veke 1

Koronavaksinasjonen startar i veke 1

Vaksinen synest så langt å vera trygg med få alvorlege biverknadar. Dei eldre får mindre biverknadar enn dei yngre. Det vanlegaste er etter ein til to dagar litt smerte på stikkstaden, hovudsmerte, muskelsmerte, frysningar, leddsmerte, feber og ein kan kjenna seg sliten. Dette er teikn på at vaksinen set i gang immunsystemet.

Full vaksine gir skydd mot alvorleg sjukdom hos 95% av dei som er vaksinerte. Den vaksinen som vert nytta no, skal ein ha to dosar av. Det skal gå minst 21 dagar mellom første og andre dose.

Staten har laga ei prioritering frå 1 til 9 som kommunen er pålagt å følgja:

  1. Bebuarane ved sjukeheimen.
  2. Alle over 85 år
  3. Dei som er mellom 75 og 84 år
  4. Alder 65-74 år og personar 18-64 år med tilstandar som gir høg risiko for alvorleg sjukdom. Fastlegen får i oppgåve å gje opp kven som kjem i denne gruppa (kriteria frå FHI)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdom/ tilstand jfr fastlegen (kriteria frå FHI)
  8. Alder 55-64 år  
  9. Alder 45-54 år

30. desember er det sagt frå Folkehelseinstituttet at vaksinasjon av utvalde grupper helsepersonell skal skje parallelt med vaksinasjon av bebuarar på sjukeheimar og i risikogrupper over 85 år.

Desse kriteria kan endrast utifrå smittesituasjonen.

Vaksinen er gratis.

Vi tek kontakt med dei ulike etter den rekkefølgja som er gitt i prioriteringslista, og rår til at alle som får tilbod om vaksine, tek imot denne. I tillegg til direkte kontakt frå oss kan du også finna informasjon på kommunen sine nettsider. Dei som bur på sjukeheimen, får sin vaksine der.

Dei som nyttar blodfortynnande, skal venta med dagsdosen til etter at ein har fått vaksine. Fastlegen kan kontaktast for rådgjeving kring vaksinering. Har du fastlege i ein annan kommune, vil ikkje legekontoret her automatisk kjenna til det dersom du er i ei av risikogruppene som skal prioriterast.

Du vil få tid for vaksinasjon og møtestad for begge dosane. Kan du ikkje møta til avtalt tid, er det viktig å melda frå slik at andre kan få vaksinedosen. Er du blitt sjuk i luftvegane, forkjøling, feber eller liknande, skal du melda frå, og ikkje møta til vaksinasjon.

Austrheim legekontor/Austrheim kommune


Sist oppdatert: 13.01.2021
Publisert: 30.12.2020