HeimNyheterKorona-smitten er kommen også til Austrheim

Korona-smitten er kommen også til Austrheim

Helseavdelinga har sett i gang arbeidet med smitteoppsporing, for å klargjera korleis vedkommande har fått smitte, og slik kartlegga også kven andre som bør testast/vera i karantene.

Kommunal kriseleiing (KKL) har denne veka trappa opp dei førebyggande tiltaka for å unngå smitte, og vil no i ettermiddag møtast på nytt for å vurdera ytterlegare innskjerpingar.

- I denne situasjonen vil me oppfordra innbyggjarane våre til å gjera sitt beste for å halda smitten på eit lågast mogleg nivå, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy.

- Pass på dei grunnleggande tiltaka som avstand og handhygiene, og har du mistanke om at du kan vera smitta så ring legekontoret for å få tatt ein test.

For testing kan du kontakta legekontoret på eigen Korona-telefon med nummer 966 25 339, kvardagar mellom 08.00 og 15.00.

Sjukeheimen i Austrheim, Nordliheimen, er stengt for besøk. Dette for å halda smitten vekke frå sjukeheimen, der det gjerne er fleire som er utsette om dei skulle få denne smitten.

I samband med denne situasjonen er det mogleg at bestilte timar på sjukeheimen kan bli utsette, på grunn av at legane og anna personell må prioritera Korona-testing.

Kommunen vil komma med meir informasjon når meir er klart.


Sist oppdatert: 23.11.2020
Publisert: 10.09.2020