HjemNyheterKorona- og vaksinestatus fredag 15. oktober 2021

Korona- og vaksinestatus fredag 15. oktober 2021

Det er no opna for å gje 3. dose/påfyllingsdose med Korona-vaksine til alle over 65 år. Her i Austrheim var det ein del som fekk 3. dose onsdag 13. oktober, men neste runde med 3. dose vert først i desember. Du kan lesa meir om 3. dose på Regjeringen.no.

Alle over 65 år vil etter kvart få tilbod om ein slik påfyllingsdose med vaksine, men det må ha gått seks månader sidan du fekk andre dose med Korona-vaksine. Neste runde vert altså først i desember.

Det er planlagt vaksinering onsdag den 20. oktober, men dette er ei oppsamling for dei som skal ha 2. dose. Dei det gjeld, vil få SMS-melding om når og kvar dei skal stilla for vaksine 20. oktober.

Influensavaksinering 2021

No er det snart tid for den årlege influensavaksinen.

Klikk her for å lesa om kven som bør ta influensavaksinen:
Influensavaksinering er sett opp:
  • Tysdag 26. oktober kl. 14.00-18:00
  • Torsdag 28. oktober kl. 14:00-18:00
  • Stad: Austrheim idrettshall. Ingen timebestilling, berre møt opp.

Gjeldande Korona-tiltak

Regjeringa har tatt vekk dei fleste Korona-tiltaka, med unntak av at du skal gå isolasjon dersom du er smitta av Korona/Covid-19, samt at det er nokre reiseråd og karantenekrav til reisande til og frå enkelte land. Dette finn du på Regjeringa sine Korona-sider, klikk på lenka for å lesa.

Den enkelte har framleis ansvar for å delta i dugnaden med å avgrensa smitten, det betyr skjerpa handhygiene, å ikkje hosta «rett ut i lufta», rett og slett alle dei små tinga som me har blitt flinke til å hugsa på det siste halvanna året.

Kva gjer du om du kjenner deg småsjuk?

Det siste halvanna året har det jo stort sett vore slik at dersom du har hosta litt og vore i tvil, så måtte du vera heime frå arbeid. Men no som forbruket av handsprit går litt ned, og folk går litt meir ut enn før, må ein rekna med at fleire blir forkjølte og snufsete. I tillegg er det snart vinter og influensasesong, slik at ein må rekna med å verta litt tett i nasen.

På dette skjemaet under kan du lesa kva du skal gjera dersom du har luftvegssymptom, klikk her for PDF.

Luftvegssymptom - flytskjema

Kva om du eller ein nærkontakt får påvist korona/covid-19?

No som vaksineringsgraden er høg, er behovet redusert for karantene og isolasjon. På skjemaet under kan du lesa kva du skal gjera dersom du eller din nærkontakt får påvist korona/covid-19, klikk her for PDF.
Om du eller din nærkontakt får påvist korona/covid-19

Kontakt med legekontoret

Du kan ringa legekontoret på 56 16 82 00, måndag til fredag mellom 08.30 og 12.00, og mellom 13.00 og 15.00. 

Når du har avtale om vaksinetime, så MÅ du møta til timen din, eller gje beskjed i god tid dersom du til dømes er sjuk. Vaksinen kjem i glas med fleire dosar, slik at ein risikerer å kasta dosar dersom folk ikkje stiller til timen sin. Det er sløsing med dosar, og andre kunne vore innkalla til vaksinering dersom legekontoret hadde fått beskjed tidleg nok.

I Austrheim vert det testa for Korona etter behov. Ring legekontoret for å avtala time til testing.

Skjema for eigenerklæring

Under her er ein link til eit skjema som skal fyllast ut av dei som skal ha vaksine. Dette skal du ha med deg til Austrheimhallen når vaksinen skal settast. Du kan skriva skjemaet ut frå nettet, eller henta det i Servicekontoret på kommunehuset. Der ligg desse tilgjengeleg rett innom døra.

Link: Eigenerklæringsskjema til deg som har fått tilbod om Koronavaksine.

Koronasertifikatet ditt kan du sjå på: Helsenorge.no, klikk på denne lenka her: 


Sist oppdatert: 21.10.2021
Publisert: 15.10.2021