HjemNyheterKommunen skal gje innspel til Skyss - kva meiner du?

Kommunen skal gje innspel til Skyss - kva meiner du?

Under her finn du innspelet som Austrheim kommune gav i januar 2022, til Skyss sin trafikkplan. No er det tid for å komma med nytt innspel, og kommunen skal innan utgangen av januar senda brev til Skyss om kva som bør blir betre med tanke på kollektivtrafikken i kommunen vår.

Me har laga eit skjema der privatpersonar, bedrifter, lag og organisasjonar kan komma med innspel til trafikkplanen, og gje eventuelle kommentarar til punkta frå 2022. Desse innspela vert tekne med i vurderinga av kva kommunen skal senda inn til Skyss.

Skjemaet finn du på denne lenka (klikk her - Microsoft Forms)

Fristen for å komma med innspel til kommunen er søndag 22. januar.

 

Austrheim kommune sitt innspel til Skyss - 2022

Trafikkplan Nordhordland; innspel frå Austrheim kommune.

Takk til Skyss for at me i kommunane får høve til å koma med innspel før de legg dei nye ruteplanane. Me vil og takka for det gode samarbeidet me føler det har vore mellom kommunane og Skyss dei siste åra.

Me ser at de på nokre punkt har teke omsyn til innspel me kom med i den førre innspelsrunden og håpar at de også finn rom til å ta inn nye innspel i denne runden. Etter vår meining er det mykje som fungerer godt i kollektivtransporten i Nordhordland for tida, men det vil alltid vera rom for forbetringar. Me er særs godt nøgd med det nye takstregimet som me meiner førte til ein gledeleg auke i talet på kollektivreisande i regionen før pandemien slo til for fullt.

Me må ta mål av oss å gje kollektivtransporten i Nordhordland eit skikkeleg løft når pandemien er over. Skal me lukkast med det, må me saman gje innbyggjarane i regionen eit godt og tenleg kollektivtilbod innanfor ansvarlege økonomiske rammer. 

Under finn de forbetringspunkt som me i Austrheim kommune meiner at Skyss må vurdera i samband med den nye ruteplanen:

  1. Første buss frå Mastrevik torg på kvardagar (klokka 05:26) bør gå vidare frå Knarvik terminal til Knarvik kai slik at passasjerar kan nytta seg av båten som går til Bergen klokka 06:50 utan bussbyte på skysstasjonen.
  2. Andre buss frå Mastrevik torg (klokka 06:50 eller 06:51) bør ha ei rute som gjer at bussen kan vera på Knarvik terminal seinast klokka 07:45 (no 07:58 eller 08:08). Bussen bør deretter gå direkte til Knarvik kai slik at passasjerar som vil ta båten til Bergen kan reisa med denne klokka 07:50 utan bussbyte på Knarvik terminal. Kan de kanskje vurdera om det skal vera Austrheim-bussen over Lindås som skal vera den faste bussen som går til og frå Knarvik kai og korresponderer med hurtigbåten? Det vil gje eit godt kollektivtilbod til dei reisande frå Mastrevik torg og passasjerar som nyttar denne bussruta over Lindås.
  3. Passasjerar som nyttar buss frå Mastrevik torg klokka 06:51 over Radøy, klagar over at bussen brukar for lang tid frå Austmarka til Knarvik på grunn av svært mange på-stigande passasjerar på denne strekninga. Me ønskjer at ein eigen buss frå Austmarka til Knarvik bør ta hand om passasjerane på denne strekninga. Det har tidlegare vore foreslått ei lokal pendlarrute mellom Austmarka – Knarvik – Frekhaug med retur, og ei slik rute vil truleg kunna avlasta langrutene på strekninga.
  4. I Nordhordland ønskjer me oss raske ekspressruter frå Mastrevik til Knarvik over Lindås og Radøy. Desse bør matast med lokalruter frå sidevegane i distriktet.
  5. Rute 330 frå Knarvik terminal klokka 17:13 til Mastrevik torg klokka 18:20 køyrer vidare gjennom kommunen til Straume i Alver for å starte rute 326 der klokka 18:58. Ruta går til Knarvik terminal og er der klokka 19:55. Me meiner at det vil vera naturleg at denne bussen også har rute på strekninga Mastrevik torg – Straume, når den trass alt køyrer denne strekninga gjennom Austrheim kommune.
  6. Det går buss frå Sævrøy ferjekai på kvardagar klokka 06:30 og 08:00. Begge desse bussane kjem frå oppstillingsplassen ved Mastrevik torg, men køyrer ikkje i rute frå Mastrevik torg til Sævrøy ferjekai. Me ber om at det vert lov å ta med passasjerar på desse turane. Det er folk frå Austrheim som jobbar på Fedje og som vil nytta seg av eit slikt kollektivtilbod. No går første ordinære rute frå Mastrevik torg til Sævrøy ferjekai klokka 09:28 og dette passar ikkje med arbeidstidene på Fedje.
  7. Det er fleire bussruter i Nordhordland som har svært låge passasjertal. Desse bør leggjast ned og erstattast av eit «Hent Meg» system med minibussar på utvalde vekedagar. 
  8. Mange skuleruter i distriktet har også svært låge passasjertal. Skyss bør vurdera auka bruk av minibussar på slike ruter også.
  9. Me ønskjer oss eit betre rutetilbod frå Manger (startar i Knarvik) via Bøvågen til Austrheim vidaregåande skule. Må denne ruta gå via Helland og Sætredalen?
  10. Ruta frå Knarvik til Austrheim vidaregåande skule over Lindås ser ut til å vera tilfredstillande, men det bør leggjast opp til skikkeleg korrespondanse med ruter frå sidevegane på Lindås, som ruta frå Myking og Risa-sjøen. Elevar frå Myking har 12 minuttars ventetid på Vågseidet, mens elevar frå Risa må venta heile 38 minuttar på Lauvås. Desse elevane har ei reisetid på ein time og ni minuttar til sin nærskule, Austrheim vidaregåande skule, som berre ligg 22 km frå Risasjøen. Dette er urimeleg. Bør det også etablerast ei rute frå Søreidet til Hundvin som korresponderer med skulebussen frå Knarvik til Austrheim vidaregåande skule?
  11. Skulebussen som går frå Austrheim vidaregåande skule klokka 14:53 og skal vera på Sævrøy ferjekai klokka 15:09, har knapp tid på ruta. Sjåførane rapporterer om mykje møtande trafikk frå ferja på dei smale vegane i øyane og om fleire uoversiktlege punkt på fylkesvegen som bør utbetrast. Her bør sjåførane få litt betre tid på ruta og i tillegg bør det utførast siktutbetringar på fylkesvegen.
  12. Når det gjeld skulerutene til Austrheim vidaregåande skule, så er det viktig at de vurderer forbetringstiltak på både tur- og returrutene.
  13. Dersom det er mogeleg, vil me på arbeidsdagar ha ei minibussrute frå Mongstad/Kaland via Mastrevik torg til Manger sentrum. Bussen bør vera på Manger om lag klokka 08:00. Me ønskjer også retur frå Manger klokka 15:30 til Kaland/Mongstad. Dette bør vera ruter med ei reisetid på rundt ein time. Dette er tenkt som ei arbeidsrute til Aufera, men den vil sjølvsagt også kunna nyttast av andre som jobbar på Manger. Viss det ikkje er mogeleg å få til ei eiga rute, må det setjast opp busskur på Marås og ein må få til betre korrespondanse mellom rutene frå og til Mastrevik torg og rutene til og frå Manger.
  14. Det bør vera rom for fleire seinruter både til og frå Mastrevik torg på laurdagar. No går siste buss frå Bergen klokka 16:00, Knarvik klokka 16:48 og frå Mastrevik klokka 16:49. Etter det er det ikkje mogeleg å reisa kollektivt til og frå Austrheim på laurdagar. Me ønskjer ein seinare buss i begge retningar. Dette kan gjerne gjerast ved at ruter tidlegare på dagen vert fjerna.
  15. Ungdommane våre ønskjer ei kveldsrute på kvardagar frå Mastrevik klokka 22:10 til Mongstad. Dei ønskjer også eit betre rutetilbod på kveld mellom Mongstad – Mastrevik torg – Bøvågen – Manger. Dette fordi ungdomsklubbane på Radøy og Austrheim har eit tett og godt samarbeid.
  16. Det har tidlegare vore spelt inn at Radøy og Austrheim ønskjer at nattbussen frå Bergen laurdag kveld skal gå via Manger og til Mastrevik torg. Dette innspelet ønskjer me å fremja på nytt no. Eit anna alternativ for oss er nattbuss over Lindås til Mastrevik torg.
  17. Bussar som går over Leirvåg ferjekai må alltid korrespondera med ferja. Dette gjeld både bussar som går i retning Knarvik terminal og i retning Mastrevik torg. Fensfjorden er i ferd med å bli det mest interessante næringsområdet i fylket, med stor aktivitet på begge sider av fjorden. Eit betre buss- og ferjetilbod vil gjera det enklare og billegare å jobbpendla i området.
  18. Dagens ferje i Fensfjordsambandet bør erstattast med to mindre ferjer. Dette for å sikre halvtimes avgangar i sambandet i rushtidene, sikre at sambandet er operativt ved tekniske feil på eit av fartøya, samt sikre at det alltid er ei reserveferje til Fedje-sambandet tilgjengeleg i nærområdet.
  19. Fedje-ferja må alltid venta på korresponderande bussar og bussane må alltid venta på den korresponderande ferja frå Fedje.    
  20. Me ønskjer oss «on-line» ruteinformasjon på Mastrevik torg, Sævrøy ferjekai og Leirvåg ferjekai.
  21. Toaletta på Leirvåg ferjekai må oppgraderast. Det same må gjerast med fortauet på kaien, det vart delvis øydelagt i samband med bygginga av ladestasjonen på ferjekaien.
  22. Sjåførane klagar på dårlege sambandssystem. Dette gjer det vanskeleg å informera korresponderande bussar og ferjer om forseinkingar.
  23. Bussar frå Knarvik mot ulike destinasjonar i Nordhordland, må ha som hovudregel at dei ventar på korresponderande bussar frå Bergen. Dette for å sikra reisande til Nordhordland eit saumlaust reisesystem utan lange venteperiodar i Knarvik.    
  24. Det bør vurderast om første snøggbåt til Bergen (Knarvik-båten) kan starta frå Kjelstraumen klokka 06:20, gå via Vardetangen, Knarvik, Frekhaug og til Bergen klokka 07:19. Siste rute frå Bergen klokka 16:30 kan gå via Vardetangen og ha endestopp i Kjelstraumen der båten kan liggja natta over.
  25. Takstane på hurtigbåtane, både Sogn- og Nordfjordrutene og Knarvik-ruta, må harmoniserast med busstakstane.  

For å få eit best mogeleg kollektivtilbod i regionen og utnytta ressursane på ein god og forsvarleg økonomisk måte, bør Skyss ha faste møter med bussjåførane og andre som jobbar innan kollektivsektoren i regionen. Det er viktig at Skyss lyttar godt til dei som er i den skarpe enden og som i realiteten leverer transporttenestene i regionen.

Beste helsing Per Lerøy


Sist oppdatert: 05.01.2023
Publisert: 05.01.2023