Kommunen har jod til barn og unge
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er det statlege organet som gjev råd om mellom anna behovet for å ha jodtablettar i beredskap.
Jod kan redusera risikoen for kreft dersom det skjer ei atomulukke, aktualisert ved at det per no er krig i eit land med atomkraftverk. Ved eit alvorlig atomulukke kan det bli gitt råd frå styresmaktene om å ta jod-tablettar. Spesielt kan eit slikt råd komma for barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Ved særs alvorlege ulukker kan også vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.
Austrheim kommune har talt opp beredskapslageret av jodtablettar, og har tilstrekkeleg til å gje til barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Dette vert lagra sentralt i kommunen, og vil bli distribuert dersom det blir aktuelt å gje ut jodtablettar.
Samlar inn samtykke frå foreldre
Det blir samla inn samtykke frå foreldre til barn i skule og barnehage, for at skulane og barnehagane kan gje borna jodtablettar i dei tilfelle der dette skulle bli tilrådd av styresmaktene.
Her er skjemaet som vert delt ut (klikk for å lesa PDF):
Det kan i spesielle tilfelle bli gitt råd også om 2. dose med jodtablettar, men dette blir det orientert om i alle offisielle kanalar. Det har ikkje førebyggande effekt å ta jod, så det har ikkje hensikt å ta dette før det blir gitt råd om å ta tablettane.
Kommunen vil sikra seg beredskapslager for å kunna gje også ein 2. dose til barn og unge under 18 år, gravide og ammande.
18-40 år må kjøpa jodtablettar på apotek
Dei mellom 18 og 40 år må sikra seg jodtablettar på eiga hand. Jamfør det som står over om 1. og evt. 2 dose, kan ein gjerne dela pakning med storfamilie og liknande. Slik kan ein sikra at flest mogleg av dei aktuelle har jodtablettar i beredskap.
Austrheim kommune har ikkje jodtablettar å tilby dei mellom 18 og 40 år.
Dei over 40 år treng ikkje å ta jodtablettar ved ei atomulukke, jamfør råda frå Direktoratet for strålevern og atomtryggleik.
Om Direktoratet for strålevern og atomtryggleik
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) er fag- og forvaltingsmyndigheit på områda strålevern, atomtryggleik og ikkje-spreiing, radioaktiv forureining og radioaktivt avfall.
DSA utfører oppgåver på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet, Utanriksdepartementet og Klima- og miljødepartementet.
Du kan lesa om DSA sitt arbeid med atomtryggleik på denne lenka (klikk her / ekstern lenke):
Du kan lesa DSA sine svar om jodtablettar på denne sida (klikk her/ ekstern lenke):
Varslar utdeling med SMS
Dersom det vert aktuelt for Austrheim kommune å dela ut Jod-tablettar, vert det sendt ut SMS-varsel om dette til dei aktuelle målgruppene. Meldinga vil innehalda opplysningar om kvar og når ein kan henta jodtablettar.
Om ein hentar for andre i familien, må ein ta med seg dokumentasjon på kven ein hentar jodtablettar til.