HjemNyheterFrivilligsentralen arrangerer kurs i framtidsfullmakt

Frivilligsentralen arrangerer kurs i framtidsfullmakt

KURSET ER FULLTEIKNA - TA EV. KONTAKT OM RESTPLASS: Med ei framtidsfullmakt kan du sjølv bestemma kven som skal hjelpa deg i framtida.
Publisert: 18.09.2023
Sist endra: 29.09.2023

Det vert kurs om dette på Seniorsenteret onsdag 25. oktober klokka 18.00.

Kursinnhald: 

  • Korleis oppretta framtidsfullmakt
  • Kven er framtidsfullmakt aktuelt for
  • Kva kan du regulera i ei framtidsfullmakt
  • Juridiske rettar for den eller dei som er fullmektig
  • Juridiske rettar for øvrig familie

Om du ønskjer å unngå offentleg verge, vil kurset gje deg kunnskapen du treng for å laga framtidsfullmakt, som kva du må gjera, korleis det skal gjerast, og når du må gjera det. Då kan du på førehand ta styring over kven som skal ta avgjerder på dine vegner, dersom du kjem i ein situasjon der du ikkje kan ta desse sjølv.

Kurshaldar er jurist Christopher Marius Straumøy.

Kurset er gratis.

Kurset er fullteikna, men ein kan ta kontakt i tilfelle det blir noko ledig. Ta kontakt med Rigmor Ludvigsen på tlf. 456 35 324 eller e-post: 
rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no

Arrangør: Frivilligsentralen