HeimNyheterKom deg ut i Årvika

Kom deg ut i Årvika

Årvika

Frå klokka 12:00 til 15:30 vert det mange ulike aktivitetar å vera med på, for både små og store. Du kan prøva kano- eller kajakkpadling, hesteskokasting, krokket, frisbeegolf, bogeskyting og krabbefisking, i tillegg til at det sjølvsagt vert tur.

Arrangørane i Nordhordland Turlag lagar til tur i tilrettelagt natursti med turquiz undervegs, og det vert trekt ut premiar på startnummera.

Heile arrangementet er gratis.

For meir informasjon om arrangementet sjekk ut Nordhordland turlag si heimeside på nettet (ekstern lenke).


Sist oppdatert: 19.08.2019
Publisert: 19.08.2019