HjemNyheterKjøkkenhage!!

Kjøkkenhage!!

Som del av realfagssatsinga til kommunen har vi sett i gong eit prosjekt på Kaland.

Dette er felles mellom barnehagen og skulen.

Satsinga er kjøkkenhage, Mandela, inndelt i sektorar som tilhøyrar dei ulike nivå på barnehage/skule.

Kjøkkenhage på Kaland er ein del av realfagsatsinga i Austrheim

Her skal vi dyrke ulike ting, sjå på korleis ting veks fram og korleis me kan dra nytte av naturen. I tillegg; Småkryp, insekt, humler – korleis ta vare på dei og kva likar dei?

Me skal vatne, gjødsle, drive økologisk, måling og teljing. Bruke på kjøkken, lage statistikk.

I Fagfornyinga og rammeplanen er bærekraftig utvikling og utforskande læring ein stor del av tenkinga. Gjennom dette prosjektet vil me fokusere på desse områda og engasjere born og elevar til å ta del i dette.

Realfagprosjektet er i eit samarbeid med Høgskulen Vestlandet


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 09.04.2019