HjemNyheterKjenner du Korona-symptom eller har du vore på reise? Ta ein test!

Kjenner du Korona-symptom eller har du vore på reise? Ta ein test!

Har du symptom er det viktig at du heldt deg heime og passar på å ikkje smitta andre. Same gjeld for tida frå test til svar på prøven, då må du oppføra deg som om du er smitta. For test ta kontakt med legekontoret, på telefon 56 16 82 00.

Nasjonale reglar

Det er gjort oppunder 1400 Korona-testar i Austrheim sidan starten av pandemien i mars 2020. No er det over ein månad sidan det sist var avdekka smitte.
For å halda denne gode statistikken er det viktig at ein reduserer talet på nærkontaktar, etter dei reglar som gjeld. Austrheim er framleis på dei nasjonale tiltaka mot Korona-smitte, desse finn du på Regjeringen.no. Der finn du også råd om korleis ein kan avvikla påskeferien på ein god måte med tanke på smittevern.

For å halda kontroll på smitten er det som tidlegare viktig at den enkelte gjer sin del, med grunnleggande ting som redusert tal nærkontaktar - reine hender - handsprit -avstand (minst ein meter, gjerne to) - eventuelt munnbind der det ikkje er mogleg å halda god nok avstand (12 år og yngre skal ikkje bruka munnbind).

Vaksinering

Austrheim jobbar etter den nasjonale prioriteringslista for vaksine, og starta med vaksinering av bebuarar på sjukeheimen, deretter risikogrupper, og så innbyggjarar med eldste først. Det er vaksinering kvar veke, også i påskeveka i slutten av mars. Legekontoret tar kontakt og avtalar time til vaksinering. Vaksinen er gratis.

Vaksinestatus kan du finna hjå Folkehelseinstituttet, klikk her for å lesa:

Innbyggjarar med fastlege i andre kommunar, og som er under 65 år, må sjølve vera aktive om dei skal få vaksine raskare enn andre i same aldersgruppe. Det betyr at dersom du har fastlege i ein annan kommune, og meiner du er i ei risikogruppe som skal prioriterast for vaksine, må du ta kontakt med fastlegen din for avklaring, og deretter med legekontoret i Austrheim, på telefon 56 16 82 00.

Deler på dosar

Som andre kommunar med lite smitte må også Austrheim kommune gje frå seg ein del av dei planlagde vaksinedosane, for at kommunar på Austlandet med høgt smittetrykk skal få fleire dosar. Per no betyr det at Austrheim får tildelt 22 prosent færre dosar enn tidlegare planlagt. Håpet er at tilgangen til vaksine skal bli betre utover våren, slik at ein kan henta inn igjen dette.

Ventar med Astra Zeneca

Austrheim rakk akkurat å komma i gang med vaksinering med vaksinen frå Astra Zeneca, som etter siste oppdatering frå Folkehelseinstituttet kan brukast på personar opp til 75 år. Også her er vaksinering med Astra Zeneca no sett på pause, medan ein ventar på avklaring av moglege biverknader i tilfelle andre stader i landet.

All Korona-informasjon er alltid tilgjengeleg på nettsida til kommunen, samt at det vert delt på Facebook. Kommunen sender også korte varsel på SMS om det er noko viktig som må ut til alle.

Har du lasta ned Smittestopp-appen?

Sporingsappen for Korona-smitte kom i ny utgåve like før jul. Smittestopp-appen er frivillig å bruka, og er for deg som er over 16 år. Appen som kom i desember 2020 er heilt ny samanlikna med den som kom tidlegare i 2020, og brukar mellom anna vesentleg mindre batteri. På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon, samt hjelp vidare til nedlasting, sjå www.fhi.no.


Sist oppdatert: 19.03.2021
Publisert: 19.03.2021