Kan du vera med som bøsseberar under TV-aksjonen

Årets TV-aksjon, søndag 22. oktober, går til Redd Barna – La barn leve i fred.
Publisert: 18.09.2023
Sist endra: 11.10.2023

TV-aksjonen handlar i 2023 om å beskytta barn som er råka av krig, og gje dei pusterom til å vera barn, og til å leika og læra i tryggheit. Aksjonen skal også gje barn som har flykta til Norge sjansen til å oppleva meistring og bli inkludert i sitt nye nærmiljø.

Pengane skal fordelast mellom prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, Den demokratiske republikken Kongo og Norge.

I år er TV-aksjonen søndag 22. oktober. Det trengst rundt 100 bøsseberarar/ sjåførar for å avvikla aksjonen i Austrheim. Kan du bidra? Meld deg til Rigmor Ludvigsen på tlf. 456 35 324 eller rigmor.ludvigsen@austrheim.kommune.no