HjemNyheterJuli-sjekken viser at badevatnet har utmerka kvalitet

Juli-sjekken viser at badevatnet har utmerka kvalitet

Miljøretta helsevern har i starten av juli tatt nye prøvar av badevatnet i regionen, og badeplassane i Austrheim får alle beste karakter.

Prøvane vart tatt 4. juli, og i vår kommune vart det tatt opp vatn frå badeplassane Årvika på Fonnes, Mastrevikane ved slippen og Mastrevikane ved båthamna, Øksnes, Finnsvågen/Austrheimvågen, og Solesjøen.

Analyseresultata er vurderte etter EU sitt direktiv for badevatn, og det er undersøkt for E.coli og intestinale enterokokkar (tarmbakteriar).

Det er ingen av badeplassane som er sjekka i Austrheim som ligg i ferskvatn. Om du skal hoppa ut i eit ferskvatn må du sjekka at det ikkje er algevekst, for om du badar i vatn med oppblomstring av blågrønalgar kan det føra til hudirritasjon og forgifting. Er det oppblomstring av blågrønalgar skal du også halda hunden din ute av vatnet. I denne runden med vassprøvar er det stadfesta algevekst i Bøtjørna på Bø (Radøy), Nesvatnet på Manger (Radøy), og Siletjørna, Byrknes (Gulen).

Miljøretta helsevern er ei avdeling i Alver kommune, som tar denne typen prøvar også i dei andre kommunane.


Sist oppdatert: 17.07.2023
Publisert: 17.07.2023