HjemNyheterJulehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

Heim og bygd er pynta med lys og andre effektar som høyrer jula til og julefreden senkar seg når kyrkjeklokkene ringjer jula inn. Sjølv set eg utruleg stor pris på jula og alt den fører med seg. Eg håpar at alle i kommunen føler den same freden som eg gjer i julehøgtida. Eg ønskjer å takka alle for året som er gått og ønskjer alle i Austrheim ei riktig god og fredeleg jul og eit godt nytt år.  

Beste helsing

Per Lerøy

Ordførar

Austrheim kommune


Sist oppdatert: 02.05.2019
Publisert: 21.12.2018