HjemNyheterJulehelsing frå kommunen

Julehelsing frå kommunen

Julehelsing 2020

Jula står for døra og året er i ferd med å ebba ut. 2020 har vore eit spesielt og krevjande år for oss alle. Ved inngangen av året var me mest opptekne av korleis me skulle klara å kombinera ein vanskeleg økonomisk situasjon med leveransar av gode kommunale tenester. Lite visste me om dei nye utfordringane som skulle møta oss nokre månader inne i det nye året.

I mars fekk me oppleva noko som det hadde vore ein god del snakk om, men som me ikkje trudde skulle råka verdssamfunnet så brutalt som det gjorde. Pandemiar hadde me sjølvsagt førebudd oss på både lokal og nasjonalt, men at me nokon gong skulle få oppleva at praktisk talt heile verdssamfunnet stoppa opp, var det nok dei færraste som var førebudde på. 

I Austrheim kommune vart situasjonen teken på største alvor og dei tiltaka me vart råda til å innføra, vart sett i verk så raskt som mogeleg. Grunna det store talet på gjestearbeidarar i kommunen og den store skipstrafikken på Mongstad, rekna me med at me tidleg kom til å få smitte i kommunen. Dette skjedde ikkje, me stod godt imot den første smittebølgja, men når den andre bølgja kom etter sommaren, klarte me ikkje lengre å stå imot. 

Det var sjølvsagt ein nedtur for oss då me fekk dei første meldingane om smitte, men nedtur vart snart snudd til opptur då me såg korleis planverket vårt fungerte. Testing og smittesporing vart utført på ein framifrå måte og dei smitta vart raskt sett i isolasjon medan nærkontaktane gjekk i karantene. Me kjende heile tida at helsepersonellet vårt hadde god kontroll på situasjonen. 

Vår største uro var at me skulle få smitte inn i våre kommunale verksemder som barnehagar, skular eller i omsorgstenesta. Dette har me klart å hindra. Me er ikkje i tvil om at årsaka til dette er at både våre tilsette og innbyggjarane elles har vore svært lojale til dei smitteverntiltaka som til ei kvar tid har vore gjeldande. 

No ser det ut til at me saman har klart å få kontroll på den andre smittebølgja i Bergensregionen og at me med det kan feira ei litt meir normal jul enn me hadde frykta for berre nokre veker sidan. I kommunen førebur me oss både til eit storstilt vaksineringsprogram og til ei eventuell tredje smittebølgje. Det er grunn for å minna kvarandre om smittevernreglane sjølv om me skal feira jul med familie og vener. 

Utfordringane 2020 har gjeve oss, har de løyst gjennom samhandling og godt samarbeid på tvers av organisatoriske skiljelinjer og ved at de har hatt respekt og omtanke for kvarandre. 

Me vil takka alle våre medarbeidarar for den fantastiske innsatsen de har gjort i dette særskilde året som snart ligg bak oss. Takka vera dykk, dykkar innsats og omsut som er vist brukarar og kollegaer, har me takla både koronapandemien og kommunen sine økonomiske utfordringar på ein framifrå måte.

Me ønskjer dykk alle ei fredfull jul og eit strålande nytt år😊

Per Lerøy (ordførar) og Liv Løvvik (rådmann)


Sist oppdatert: 22.12.2020
Publisert: 22.12.2020