HjemNyheterJordvernprisen til Austrheim og Alver

Jordvernprisen til Austrheim og Alver

Jordvernprisen 2021

Landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad stod for prisutdelinga på Frekhaug.

Den nasjonale jordvernprisen er eit tiltak for å styrka jordvernet. Jordvernprisen skal bidra til å gjeva auka merksemd om jordvernet, og få fram gode idear og eksempler på tiltak, planar og strategiar for å ta vare på dyrka mark. Det er Landbruks- og matdepartementet som kvart 2. år deler ut den nasjonale jordvernprisen.

Ordførar Per Lerøy var saman med to frå administrasjonen i Austrheim kommune med på prisutdelinga.

Tre gardbrukarar frå regionen og tilsette frå Alver kommune, felles landbrukskontor, Region Nordhordland, NLV, Statsforvaltaren i Vestland og Landbruks- og matdepartementet deltok også.

Prosjektet som har gjeve prisen heiter "Jordmassar frå problem til ressurs - ta vare på matjorda"

Store utbyggingsprosjekt til næring og bustadbygging i regionen gjev store overskot av jord- og steinmassar. Ein del av desse massane er verdifulle ikkje-fornybare massar som det er felles interesse av å ta vare på. Målet til prosjektet i Nordhordland har vore å bidra til at massar frå utbygging vert nytta som ressurs for matproduksjon/landbruk og samfunn på ein måte som førebygg konfliktar med innbyggjarar og miljøet. I løpet av prosjektperioden har det vore ulike tiltak og aktivitetar:

  • Laga rettleiar til bruk innan offentleg forvalting
  • Arrangert kurs og seminar for bønder, entreprenørar og rådgjevarar
  • Laga film- og informasjonsmateriell
  • Hatt føredrag og informasjonsarbeid

Lær meir om prosjektet på nettsida til Regionrådet, klikk på denne lenka:


Sist oppdatert: 03.09.2021
Publisert: 03.09.2021