HeimNyheterInvitasjon til folkemøte om Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen båthamn

Invitasjon til folkemøte om Planendring for Heiane bustadfelt og Finnsvågen båthamn

Folkemøtet vert tysdag den 4. juni 2019 kl. 18.30 på samfunnshuset i Austrheim kommune.

 

Formålet med planendringa er å leggja til rette for ei god utvikling av bustadområdet Heiane med utviding med bustadområde B09 og utviding av småbåthamna i Finnsvågen.

Kommunen vil leggje opp til ein variert bustadstruktur i dette planarbeidet. Gode snarvegar for gåande skal prioriterast høgt i planarbeidet, det gjeld og gode rekreasjons- og opphaldsareal for born og ålmenta.

I Finnsvågen må det sikrast god tilkomst langs strandsona. Det skal også regulerast fortau og betre veg langs fylkesveg 568 innafor planområdet.

 

Program:

1.            Ordførar Per Lerøy opnar og leiar møtet.

2.            Verksemda ABO Plan & Arkitektur informerer om planarbeidet.

3.            Austrheim kommune informerer om planprosessen og framdrifta vidare.

Pause og enkel servering

4.            Drøfting av planarbeidet.

 

Arrangør: Austrheim kommune


Sist oppdatert: 23.05.2019
Publisert: 23.05.2019