HeimNyheterInspirasjonskveld for landbruket

Inspirasjonskveld for landbruket

Austrheim landbrukskvinnelag (ALK) inviterer til samlinga, som er på Kilstraumen Brygge torsdag 21. oktober, klokka 19.00-21.00. Samlinga er for dei som vil ha inspirasjon til vidare gardsdrift, anten dei skal overta gard, er nye bønder eller etablerte bønder.

Det er lagt opp til ei kombinert sosial og fagleg samling, der ein kan få informasjon, gode råd og forhåpentlegvis tid til å snakka om aktuelle ting som berører landbruket generelt i dag, og gjerne lufta eigne problemstillingar.

Program: 

  • Innlegg frå landbrukssjefen i Alver, Laila Bjørge, med info om tilskotsordningar og aktuelle saker som ein kan få hjelp til med frå landbrukskontoret.
  • Innlegg frå Norsk Landbruksrådgjeving Vest (NLR) ved Leif Trygve Berge og Katrine Østraat. Kva tilbod kan NLR gje til landbruket?
  • Det vert servert pizza!

Representantane frå landbrukskontoret og NLR er tilgjengelege for spørsmål og rådgjeving under heile arrangementet.

På grunn av matserveringa, ønskjer landbrukskvinnelaget påmelding, helst innan 20. oktober. Send ein påmeldings-SMS til Svanhild Neteland, 41 62 73 90.

Vel møtt !


Sist oppdatert: 15.10.2021
Publisert: 15.10.2021