HeimNyheterIngen ny smitte - ventar med Astra Zeneca

Ingen ny smitte - ventar med Astra Zeneca

Austrheim er framleis på dei nasjonale tiltaka mot Korona-smitte, desse finn du på Regjeringen.no, klikk for å gå dit.

Der finn du også råd om korleis ein kan avvikla påskeferien på ein god måte med tanke på smittevern, klikk på lenka for å lesa meir.

Austrheim kommune gjennomfører testing fleire gonger i veka, og dei som har vore på reise eller av andre grunnar er aktuelle for testing, kan ta kontakt med legekontoret.

Vaksineringa går sin gang

Som andre kommunar med lite smitte må også Austrheim kommune gje frå seg ein del av dei planlagde dosane, for at kommunar på Austlandet med høgt smittetrykk skal få fleire dosar. Per no betyr det at Austrheim blir tildelt 22 prosent færre dosar enn tidlegare planlagt.

Håpet er at tilgangen til vaksine skal bli betre utover våren, slik at ein han henta inn igjen dette.

Brukar prioriteringslista

Austrheim jobbar etter den nasjonale prioriteringslista, og starta med vaksinering av bebuarar på sjukeheimen, deretter risikogrupper og så innbyggjarar med eldste først. Fram til og med denne veka er det nesten 500 innbyggjarar som har fått vaksine, anten den første dosen eller to for dei som får Pfizer sin vaksine som ein får i to dosar.

Det er vaksinering kvar veke, også i påskeveka i slutten av mars. Legekontoret tar kontakt og avtalar time til vaksinering.

Astra Zeneca på pause

Austrheim rakk akkurat å komma i gang med vaksinering med vaksinen frå Astra Zeneca, som etter siste oppdatering frå Folkehelseinstituttet kan brukast på personar opp til 75 år.

Men så kom det ei ny endring for vaksiner frå denne produsenten, og etter eit dødsfall etter blodpropp i Danmark har Folkehelseinstituttet bestemt at all vaksinasjon med Astra Zeneca-vaksinen er sett på pause. Det er ikkje konkludert at det er ein samanheng mellom vaksinen og dødsfallet i Danmark, men pausen er sett i verk for å vera føre var medan det pågår vidare utgreiing.

Dei som skulle ha fått vaksine frå Astra Zeneca vil anten måtta venta, eller får vaksine frå andre produsentar.

Fastlege i anna kommune?

Pasientar med fastlege i andre kommunar, og som er under 65 år, må sjølve vera aktive om dei skal få vaksine raskare enn andre i same aldersgruppe.

Altså, om du er under 65 år, og meiner at du på grunn av eigen sjukdom er i risikogruppe og skal prioriterast for vaksine, så må du avklara dette med din fastlege og deretter melda det til legekontoret på Austrheim.

For alle som har fastlege i Austrheim har legekontoret oversikt, dette gjeld altså dei med fastlege ei ein annan kommune.


Sist oppdatert: 12.03.2021
Publisert: 12.03.2021