HjemNyheterIngen lokal Korona-smitte - hald oppe innsatsen

Ingen lokal Korona-smitte - hald oppe innsatsen

Litt vaksinestatus heilt i starten: For vaksineringa etter påske, torsdag 8. april, er turen komme til personar i alderen 74/75 år, samt yngre med sjukdom/tilstand som gjev ekstra risiko. Legekontoret tar kontakt for å gjera avtale med dei som står for tur for å få vaksine. Meir om vaksineprioritering lengre nede.

Råd til butikkar

Sidan mars i 2020 er det gjennomført 1417 Korona-testar ved legekontoret i Austrheim, som fleire dagar i veka gjennomfører testing. Det er registrert 22 smitta i Austrheim sidan mars 2020, den siste 8. februar 2021.

Kommunen har også etablert eit kontrollregime for å rådgje butikkar og anna næringsliv i korleis dei best kan jobba for å hindra spreiing, dette kan vera alt frå spriting av kontaktpunkt til avstand og bruk av handsprit og munnbind.

I tråd med pålegg frå Statsforvaltar har kommunen også kontakt med lag og organisasjonar av ulike slag, og gjev råd om korleis ein best kan unngå smitteutbrot av den typen ein har sett andre stader i Bergensregionen dei siste vekene. Kommunen har eit godt inntrykk av det arbeidet som vert gjort lokalt, innan både næringsliv og lag og organisasjonar, og no gjeld det berre å stå løpet heilt inn.

Minst to meter

Austrheim følgjer nasjonale råd og reglar for Korona-tiltak, som vart innførte frå midnatt natt til torsdag 25. mars, med ny vurdering før 12. april. Desse råda vart innførte av Regjeringa etter at den britiske virusvarianten no er meir utbreidd, ein variant som er både meir smittsam og gjev sjukdom hjå yngre personar enn andre virusvariantar. Her er Regjeringa sine Korona-råd (klikk her for å lesa meir), og Regjeringa sine råd i samband med påskeferien (klikk her for å lesa meir).

Hovudpunkta i reglane no:

  • Det er tilrådd 2 meters avstand til andre personar. Munnbind er tilrådd brukt alle stader der ein ikkje kan halda to meters avstand. (Dette er avstand til personar som er utanfor din kohort, altså på arbeidsplass, bensinstasjon, butikk med meir).
  • Berre handla på varehus/kjøpesenter i den kommunen du bur i. (Her er det også eit viktig bidrag å laga handleliste for familien slik at ein person kan handla inn, slik at ikkje heile husstanden er med på butikken. Det er også lurt å fordela butikkbesøk utover i opningstida, tidleg på morgon og seint på kveld er det gjerne lite folk).
  • Maksimalt to gjester på besøk.
  • Skjenkestopp over heile landet.
  • Unngå reiser som ikkje er nødvendige, her er det vist til unntak som arbeidsreiser der ein ikkje kan ha heimekontor, hyttetur saman med eigen husstand og heimreise for studentar utan familie på studiestaden. For dei som kjem frå utlandet er det eigne reglar for innreisekarantene.
  • Generelt råd om å ikkje reisa til utlandet, klikk her for å lesa meir på regjeringen.no. Innreisekarantene for dei som kjem frå utlandet.
  • Treningssenter skal vera ope berre for dei som bur i kommunen, og for rehabiliteringstrening.
  • Heimekontor for alle der dette er praktisk mogleg.
  • Ha så få nærkontaktar som mogleg.

Kommunane står framleis fritt til å innføra forskrift med reglar som er strengare enn dei nasjonale. For Austrheim kommune gjeld per i dag dei nasjonale reglane. Kommunane kan ikkje gje unntak frå nasjonale reglar. 

Vaksinering mot Korona

Dette arbeidet skjer etter det statlege prioriteringsrekkefølgja, som seier korleis risikogruppene skal vaksinerast etter tur. Dette er rekkefølgja:

  1. Bebuarar på sjukeheim
  2. Alder 85 år og eldre
  3. Alder 75-84 år
  4. Alder 65-74 år (og samstundes personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg sjukdomsforløp, merka med stjerne (*) i lista under)
  5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdommar/tilstand (sjå lista over risikogrupper under) 
  6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdommar/tilstand
  7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdommar/tilstand
  8. Alder 55-64 år
  9. Alder 45-54 år

Til dei medisinske risikogruppene vert rekna personar med følgjande sjukdommar/tilstand:

  • Organtransplantasjon* 
  • Immunsvikt* 
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år* 
  • Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)*
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eks. ALS, cerebral parese og Downs syndrom)* 
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon* 
  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon 
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar 
  • Diabetes 
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høgdose-inhalasjonssteroidar eller steroidtablettar siste året 
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare
  • Demens 
  • Kroniske hjarte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk) 
  • Hjerneslag 
  • Annan svært alvorleg sjukdom kan også gi økt risiko for alvorleg forløp av covid-19. Vaksinasjon i slike tilfelle vert vurdert individuelt av lege.

*: Desse sjukdommane/tilstandar kan gi ein høg risiko for alvorleg forløp og død også hjå yngre.

Kjelde: Folkehelseinstituttet sin rettleiar for vaksinasjon/ FHI vaksinasjonsveileder. (Les meir om koronavaksinasjonsprogrammet hjå Folkehelseinstituttet, klikk her)

Vaksinen er gratis. Legekontoret tar kontakt for å gjera avtale med dei som står for tur for å få vaksine.

Last ned Smittestopp-appen

Appen gir beskjed om du har vore i nærleiken av nokon som er smitta, og gjer at du kan varsla andre om du sjølv blir smitta. Dess fleire som lastar ned appen, dess enklare blir arbeidet med smittesporing.

Les meir om Smittestopp-appen på nettsida til FHI.


Sist oppdatert: 31.03.2021
Publisert: 30.03.2021