HjemNyheterIngen endringar i nasjonale tiltak mot Korona

Ingen endringar i nasjonale tiltak mot Korona

Då statsminister Erna Solberg orienterte om situasjonen og tiltak på føremiddagen 9. mars, var det med uro over at nye virusvariantar spreier seg raskt, og smittetal som aukar raskt i deler av landet.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet rår ikkje regjeringa til å innføra strengare nasjonale tiltak akkurat no, men denne situasjonen vert vurdert frå dag til dag.

Medan det ikkje vert gjort endringar i den nasjonale tiltaka, er det framleis strenge tiltak i kommunane med smitteutbrot. Per i dag er det kring Oslo der er pågåande utbrot av virusvariantar.

Regjeringa passar på

Regjeringa skriv i meldinga 9. mars at dei forventar at kommunar med smitteutbrot samordnar sine tiltak med nabokommunane. Det ligg ei forventning om at kommunelegar og kommunestyre tar grep i situasjonar der ein må handla raskt for å stoppa smittespreiing.

Regjeringa varslar at den vil gripa inn raskt dersom det ikkje vert tatt grep lokalt mot eventuelle lokale utbrot, der kommunane lokalt ikkje vert samde, eller der utviklinga er viktig for nasjonen.

Om smitten ikkje går ned, så varslar regjeringa at det også kan bli innført nye nasjonale tiltak.

Avgrensa sosial kontakt

Statsminister Solberg la i meldinga vekt på dei råda som gjeld, om at alle i heile landet må avgrensa sosial kontakt. Skal ein møta nokon utanfor husstanden, så bør det helst skje utandørs.

Ikkje reis til utlandet, og innanlands bør ein unngå reiser som ikkje er naudsynte. Alle som kan, bør ha heimekontor. Arrangement som samlar folk frå fleire kommunar, bør avlysast eller utsettast. ‘

Heimeferie i påska

Reiserådet om å ikkje reisa til utlandet gjeld fram til 15. april, med mindre det er strangt naudsynt å reisa. Dette betyr at folk her i landet ikkje bør dra til utlandet i påskeferien. Om du likevel reiser til utlandet, så varslar regjeringa at ordninga med karantehotell kan verta utvida, og det kan venta eit karanteopphald på hotell når ein kjem tilbake til landet.

Regjeringa rår også nordmenn busette i utlandet, og studentar i utlandet, til å ikkje komma heim for påskeferie.

Opne skular

Regjeringa rår også til at det vert planlagt med digital undervisning på universitet og høgskular den første veka etter påske.

Det vert ikkje gjort endringar i det nasjonale tiltaksnivået for skular og barnehagar, men for å redusera smittepresset vert det rådd til å bruka uteskule og andre verkemiddel for å redusera kontakten mellom borna/ungdommane.

Her finn du gjeldande nasjonale Korona-reglar og råd, på regjeringa.no:


Sist oppdatert: 09.03.2021
Publisert: 09.03.2021