HeimNyheterIkkje TikTok eller Telegram på kommunalt IKT-utstyr

Ikkje TikTok eller Telegram på kommunalt IKT-utstyr

Tilsette i IKT Nordhordland-kommunane Vaksdal, Aurland, Austevoll, Fedje, Modalen, Gulen, Austrheim, Alver, Osterøy, Masfjorden og Samnanger skal ikkje ha applikasjonane TikTok og Telegram på mobil, nettbrett eller pc som er eigd av kommunen.

Bakgrunnen er vurderingar frå Nasjonal Sikkerheitsmyndigheit (NSM). NSM vurderer at applikasjonane TikTok og Telegram, som er knytt til Kina og Russland, utgjer ein høg risiko dersom dei er installerte på tenesteeiningar som har tilgang til intern digital infrastruktur eller tenester.

– Justis- og beredskapsdepartementet frårår at politikarar og tilsette i offentleg sektor har applikasjonane TikTok og Telegram på tenesteeinigar, og dette gjeld også no for alle tilsette i kommunane i IKTNH-samarbeidet, seier Jo Bjarte Tømmerbakke, styreleiar i IKT Nordhordland-samarbeidet og rådmann i Modalen.

Rådet er at tilsette også slettar TikTok og Telegram på private einingar, dersom dei har applikasjonar som er knytt til arbeidsgivar på desse einingane, til dømes kommunal e-postkonto på privat mobil.

TikTok er eit sosialt nettverk for deling av videosnuttar, medan Telegram er ei meldings-, video- og telefoniteneste.


Sist oppdatert: 29.03.2023
Publisert: 29.03.2023