HjemNyheterIkkje kast boss i do!

Ikkje kast boss i do!

Austrheim kommune må jamleg leiga inn eksterne selskap for å reinska opp i avløpsrøyr og -pumper som har gått tette. Det er i grunnen heilt unødvendig, for alle veit at filler, q-tips og alt mogleg anna høyrer heime i bossdunken, og ikkje i do. 

Alt som trengst for å spara inn på denne posten på kommunebudsjettet er at folk for det første skaffar seg ei bossbøtte å ha på badet, og for det andre brukar den.

Opp i doen skal berre det som naturleg høyrer heime der, og det er fast eller flytande som kjem frå kroppen din, samt toalettpapir av typen mjukt trelags eller sandpapiraktig resirkulert.

Kastar du andre ting i toalettet kan det gje tette røyr hjå deg sjølv, noko som vert dyrt for deg. Det kan gje tette røyr og pumper på det kommunale avløpsnettet, noko som er dyrt for alle. Eller kanskje verst av alt, q-tipsen din lurer seg gjennom heile vegen til sjøen, og endar opp i magen til fisk eller fugl.

Klutar, bleier, bind, bomullspinnar og bomullsdottar høyrer heime i bossbøtta, det gjer også håret frå kam og børste. Biologisk nedbrytbare våtserviettar, seier du? Kast dei i bosset! At noko er nedbrytbart kan gjerne bety at det løyser seg opp innan ei veke eller tre, men hugs at servietten har komme fram til pumpestasjonen innanfor den første timen. Bosset er svaret, der også.

Og dei restane som ingen ville ha etter middagen, dei kastar du i matavfallet og ikkje i doen. Alle veit at kjøkkenvasken kan gå tett av feittet etter pinnekjøtmiddagen, men hugs at også større avløpsrøyr kan tetta seg av denne typen feitthaldig avfall. Det kan også gje rotteproblem.

Du kan også lesa om dovett på nettsidene til Ivar, som er renovasjonsselskapet for Stavanger/Sandnes med nabokommunar,og nettsidene til Bergen kommune.

Og om du er hardfør for ekle bilde, så har TV2 laga denne reportasjen frå korleis kloakken i London måtte reinsast for ein klump på 130 tonn (!) med feitt.


Sist oppdatert: 25.02.2020
Publisert: 25.02.2020