HjemNyheterHugs panteaksjonen!

Hugs panteaksjonen!

Det er mange som vil støtta Emil Ekornrød sin panteauksjon, som me omtala her på ei sak tidlegare (klikk for å lesa): Pant flasker for Emil og barnekreftforeininga!

Emil har alt passert 13.500 kroner i aksjonen, og har med god margin passert første delmål på 10.000 kroner. Neste mål er 20.000 kroner, og talet veks jamt og trutt. Sett opp mot Austrheim kommune sitt folketal, er det samla inn over fire flasker per innbyggjar, det gjev ein sjetteplass mellom kommunane på lista i pante-innsamlinga.

Bedrifter har hengt seg på aksjonen, mellom anna er Deep Sea Mooring på Mongstad godt med, kanskje er du i ei bedrift som vil vera med her? Brannmannskapa i regionen har også samla inn gode summar til Barnekreftforeningen.

Emil Ekornrød sin innsamlingsaksjon til Barnekreftforeningen går fram til 31. juli 2021. Det er tre måtar å gå fram på for å støtta aksjonen: 

- De kan gje beskjed til Emil om at de har flasker som skal pantast, så vil han henta og panta dei.
- De kan panta flaskene sjølv, levera pantelappen inn på servicekontoret på kommunehuset, så vil Emil henta desse der.
- Ein tredje måte er å panta flaskene sjølv og løysa inn pantelappen i butikken, og deretter Vippsa beløpet til Emil, eller direkte til Team Rynkeby, då gjerne med «Emil/Austrheim» i merknadsfeltet.

Nummer de kan nytta for å vippsa er: 95 96 78 31 (Mette Ekornrød, mor til Emil)

Vipps-nr 626367 (direkte til Team Rynkeby-aksjonen, merk med «Emil/Austrheim»)

Her på kommunehuset har me også ein sekk som fyllest med brusflasker. Sjølvsagt støttar med Emil sin aksjon!


Sist oppdatert: 26.02.2021
Publisert: 26.02.2021