HjemNyheterHer får Austrheim miljøfyrtårn-beviset

Her får Austrheim miljøfyrtårn-beviset

Utdeling av Miljøfyrtårndiplom i kommunestyret

UTDELING: Frå venstre Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstad, Austrheim-ordførar Per Lerøy, miljøfyrtårnkoordinator Cecilie Fonnes Hjelmtveit og kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug. 

Alver-ordførar Sara Hamre Sekkingstaddelte ut diplomet, som er det synlege beviset på at kommunehuset i Austrheim er sertifisert som Miljøfyrtårn. Arbeidet med sertifiseringa vart fullført i 2021, men besøket av Sekkingstad vart stoppa av Korona slik at utdelinga først fann stad 17. februar.

– Norge og Vestland har sett seg ambisiøse klimamål for 2030 og 2050. Skal me nå desse måla må alle bidra, både det offentlege, næringslivet og innbyggarane, sa Sekkingstad i samband med utdelinga.

Det var kommunestyret som sette sertifiseringa på sakskartet med eit vedtak i budsjettmøtet i desember 2019. Etter det har kommunen skaffa seg fleire el-bilar i samband med fornying av bilparken, kommunehuset er miljøsertifisert, og det er lagt opp til å sertifisera andre deler av kommuneorganisasjonen i løpet av 2022.

– Skulane, barnehagane og dei andre avdelingane er dei neste i rekkja. Mykje av arbeidet er allereie gjort for dei, sidan sentraladministrasjonen har fått si miljøsertifisering, sa Austrheim-ordførar Per Lerøy.

– Eit val for framtida

– Dei vala me tar i dag, vil vera avgjerande for framtidas generasjonar, sa Sekkingstad, og la til at det er viktig å vera bevisst det miljøavtrykket ein har.

– Diplomet er det synlege beviset på at kommunen tar klima, natur og miljø på alvor.

Sekkingstad peika på at miljøarbeidet også kan gje innsparingar for kommunen, slik at det er ei god løysing både på kort sikt og for dei som kjem etter.

– Eg håpar at de heng opp dette diplomet som eit synleg bevis på at de tar samfunnsansvar, og har tatt og tek gode miljøval.

Dra med seg biosfæreområdet

Ordførar Per Lerøy viste til at Austrheim som del av Nordhordland biosfæreområde er forplikta til å jobba for eit betre miljø.

– Det forpliktar til å jobba aktivt og bevisst med miljøarbeidet, sa ordføraren.

Lerøy takka dei i administrasjonen som har jobba særleg med miljøsertifiseringa, koordinator for arbeidet Cecilie Fonnes Hjelmtveit, økonomi- og personalsjef Odd Harald Dommersnes, avdelingsleiar plan Asbjørn Toft, og kommunedirektør Bjørnar Fjellhaug.


Sist oppdatert: 17.02.2022
Publisert: 17.02.2022