HjemNyheterHelsing frå ordførar Per Lerøy

Helsing frå ordførar Per Lerøy

Me er inne i ei svært krevjande tid med både korona-virus og oljekrise. Austrheim kommune har sidan slutten av februar jobba med å sikra ein best mogeleg beredskap mot korona-viruset. På alle område i kommunen er me godt budde til å møta eit eventuelt sjukdomsutbrot. Me har skaffa oss det utstyret me treng og me har lagt gode planar for korleis me skal handtera smitta eller sjuke personar. Den kommunale kriseleiinga har møte kvar einaste dag i veka for å følgja utviklinga av pandemien.

Så langt har me ikkje registrert smitta personar i vår kommune, men me har hatt personar i karantene. Trass i at me ikkje har smitta i kommunen så langt, legg situasjonen likevel beslag på viktige ressursar innan helse og omsorg. For å dekka personalbehovet på dei mest utsette områda, må me omdisponera våre tilsette, og dette er dei både motiverte og innstilte på. Når krisa først har ramma oss, er det flott å registrera at vårt kommunale personell tek ansvar. 

Pandemien kan gjera folk i kommunen redde og utrygge. I ein slik situasjon er det viktig at me står saman og støttar kvarandre. Me har ein fantastisk frivillig sektor i Austrheim, som gang på gang viser at dugnadsanda lever i beste velgåande. No tilbyr dei seg å køyra ut middag til heimebuande eldre, og til å levera varer til dei som ikkje ønskjer eller kan gå på butikken eller apoteket så lenge pandemien varer. Ønskjer nokon hjelp til daglege gjeremål, må de ta kontakt med kommunen så skal me formidla hjelp.

Eg håpar også at kvar og ein bryr seg litt ekstra om sine naboar, familie og vener i denne tida. Ta gjerne ein ekstra telefon og sjekk ut om folk har det bra. Nokon treng kanskje berre ein liten prat på telefonen for å føla seg trygge.

Dei økonomiske konsekvensane av pandemien og oljekrisa vil bli store. Delar av samfunnet vil bli endra for godt, og mange bedrifter vil få store økonomiske utfordringar. For å sikra at me har eit godt og oppegåande næringsliv etter krisene er over, må me bruka våre lokale bedrifter. Dersom de planlegg ferie etter pandemien er over, bør denne leggjast til Norge. Når det er forsvarleg, må me gjera det me kan for å støtta reiselivsbedriftene i landet. Me må også handla lokalt så langt det er råd.

Har nokon planar og økonomi til å setja i gang byggeprosjekt eller andre prosjekt som skapar næringsaktivitet, så er dette tida for å realisera dei. I Austrheim kommune har me fleire planlagde prosjekt, og me vil gjera det som er mogeleg for å få desse realisert slik at me og kan bidra til å stimulera det private næringslivet som me er så avhengige av. La oss stå saman og løfta i flokk, så skal me koma oss gjennom desse krisene også!

Beste helsing,
Per Lerøy, ordførar

Austrheim kommune


Sist oppdatert: 18.03.2020
Publisert: 18.03.2020