HeimNyheterHar du nummeret ditt registrert i offentlege register?

Har du nummeret ditt registrert i offentlege register?

Austrheim kommune sende nyttårsaftan ut melding om kokevarsel på drikkevatnet (det er seinare trekt tilbake, altså).

I etterkant har me fått beskjed om at det ikkje er alle som fekk meldinga, og når me søker opp desse i systemet ser me at dei ikkje ligg inne med mobilnummer.

Dette må den enkelte retta sjølv ved å gå inn på den statlege nettsida www.norge.no, der ein gjennom bruk av Bank-ID kan legga inn mobilnummeret sitt i Kontakt- og reservasjonsregisteret.

Når mobilnummeret (og ev. e-postadressa) ligg der, kan ein få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Det er frå dette registeret at det varslingssystemet Austrheim kommune brukar, hentar mobilnummera som me sender SMS til. Har du ikkje nummeret registrert der, får du ikkje SMS dersom det er vassleidningsbrot eller andre ting me ønskjer å opplysa deg om.

På nettsida www.norge.no kan du også lesa meir om dei to leverandørane av digital post, e-Boks og Digipost.


Sist oppdatert: 02.01.2024
Publisert: 02.01.2024