HeimNyheterGullaksen Kaland-rektor, og Kolaas leiar for PPT

Gullaksen Kaland-rektor, og Kolaas leiar for PPT

Birgitte Gullaksen er tilsett som rektor på Kaland skule, og tek over for Eldbjørg Bakke som går av med pensjon no på starten av hausten.

Kaland skule har rundt 140 elevar, og er ein 1. til 10. skule (men der 8. klasse det kommande skuleåret er slått saman med 8. klasse på Årås).

Gullaksen kjenner skulen godt, ettersom ho har vore lærar på Kaland i mange år.

Det er også kontinuitet i tilsettinga av ny leiar for PPT. Kontoret for pedagogisk-psykologisk teneste i Austrheim har tre tilsette, og tilbyr også PPT for Fedje kommune.

Den nytilsette leiaren der er Audhild Kolaas, som jobbar ved kontoret i dag. Kolaas tek over for Eli Aarnes Lerøy, som går med pensjon tidleg i haust.


Sist oppdatert: 28.07.2020
Publisert: 28.07.2020